«…so much faster than you could say disaster…»

DSC02165

Ein eller annan gong for veldig lenge siden slutta antennene mine å vokse. Du veit, dei antennene som forteller deg kva tid du skal være flau eller ikkje. Av og til hadde dei sikkert vært praktiske, men av og til er eg veldig glad for at dei er så korte som dei er.

29 kg + 36 kg = 65 kg. Å gå tur i skogen med 65 kg (fordelt på to individer med ulik oppfatning av kva som er spennende og ikkje) er ein ny opplevelse for meg. Dei første 200 meterne såg eg for meg at eg aldri kom til å nå fjelltoppen eg hadde som mål for turen, men etter hvert så løsna det. Litt etter litt blei alt betre og fjelltoppen virka plutselig ikkje så uoppnåeleg likevel.

Men, plutselig står den der!
wowwe

65 kilo med pubertal, gal hund synes dette er noko av det artigste de har sett på lenge og i løpet av brøkdelen av eit sekund ligger matmor langflat og vondbroten foran fire forvirra ungdommer og ein liten hårdott.

Hadde antennene mine hatt rett lengde hadde eg sikkert gravd meg eit hull i bakken, men istedenfor fikk eg hjelp til å komme meg opp og videre. Klok av skade så klamra eg meg fast til eit tre då vi møtte på hund nr. 2. Og istedenfor å nyte utsikten på toppen fant eg ei grein å binde dei smårabiate hundane i mens eg studerte skadene mine og tenkte over kor flaut dette egentlig hadde vært om eg var ein person som brydde meg om denslags.

Ironisk nok finner spotify ut at det er eit passende tidspunkt å spele «Sometimes you can’t make it on your own» av U2 idet eg skal til å begynne på heimvegen. Takk for den, men sjølvinnsikten er det faktisk ingenting i veien med!

Litt skrubbsår, litt brannsår og det heftigste blåmerket på fleire år! Det er lenge til eg går tur aleine i skogen med 65 kg hund igjen.

This slideshow requires JavaScript.

Til slutt litt musikk, som eg egentlig hadde tenkt å poste i forrige innlegg. Denne er til Olav Emil som er på lastebiltur (sjølv om lastebilturen snart er ferdig):

Det er hull i min kalender, og min trailer har full tank
Eg ser ikkje bak meg lenger. Lever nå, og tenker fram
Kom kom kom an baby. Kom kom kom an
Eg skal regna på deg og ditt støv og din
sand

Har du og blå bein? Våkner du og av at den eine foten kjem borti den andre når du søv om natta? Har du tryna i det siste?

Perspektiv

Dagens soundtrack:

Då eg starta denne bloggen for halvanna år sidan var planen å skrive om alle dei fine tinga her i livet. Reise, leik og morro! Desverre inneholder livet svært lite leik og morro for tida, så da får vi vel skrive litt om dei kjipe tingene og då…

Ikkje for å skryte, men eg ser på meg sjølv som ein ganske sympatisk, godhjerta person. Eg har ein jobb der er møter folk som har det vondt, og eg har til tider ganske vondt sjølv. «Det er alltid nokon som har det verre» er det mange som trøyster med. «Ja, det er vel det…». Kva er poenget? Skal ein liksom finne trøyst i at andre har det verre enn ein sjølv?

Når eg ligger i fosterstilling i eit mørkt rom med øynene tildekka, drøymar om øyreproppar og har smerter eg ikkje ein gang unner min verste fiende, skal eg liksom trøyste meg med at «Det er alltid nokon som har det verre!»? Kva er det poenget med det?

10289802_308653275956011_7760122495374082844_n
Då denne dukka opp i nyhendestraumen min på facebook tenkte eg sånn ca:
«FU MOFO’s! Dere veit da for svarte ¤%&?@¤% ikkje kva dere snakker om! Dustedrittfolk!»

I dag har vært ein hard men produktiv dag. For å gjøre ein lang og ganske uinteressant historie litt kortere; Etter å ha gått av vakt stod eg «plutselig» heime på trappa, med parkeringsbot, sjukemelding og ein pose meg nytt «knask» frå apotektet i neven og innsåg at «livet mitt er tross alt ikkje så ille…20140508_134108
…eg er i det minste ikkje ein hund med 5 sting under poten og ein lampeskjerm rundt halsen!»

«Det er alltid nokon som har det verre» Hunder med lampeskjerm rundt hovudet til dømes!

Plutseleg forstod eg #Denfølelsen !

Har du ein dårlig dag i dag? Har du lampeskjerm rundt hodet og 5 sting i poten? Eller har du fått parkeringsbot kanskje? Kommentarfeltet er til for å brukes!

 

 

Åtgaum, kjærleik og svidde augebryn!

I dag har vært ein bra dag. Hipp hurra for fine folk som kjem på besøk sjølv om eg er litt sjuk og kjedelig for tida.

DSC09440
Bra folk som kjem på besøk fortjener ein suss! Spesiellt når dei kjem og disker opp med den beste lunsjen på lenge! (For vi kan vel ikkje leve på bare kaffi, luft og kjærleik?)

DSC09528
Bra folk som kjem på besøk fortjener ikkje hundehår i kaffien, men dei får det likevel!

DSC09448
Snille Laffen låner vekk grisen sin til Rex.

DSC09550
…og dette er takken!

Og frå det eine fine besøket til det neste. Dei hadde ikkje med seg mat, men siden dei hadde lampeolje skal eg vurdere å tilgje dei:
(Don’t try this at home)
DSC09648
«Love is in the air» *hjartehjarte*

DSC09651

DSC09793
Og på eit eller anna tidspunkt blei eg eit halvt augebryn fattigere. Kanskje her?

DSC09785
…Eller var det her?

Du veit at det har vært ein bra dag når du har både blitt solbrent og svidd vekk eit halvt augebryn!

DSC09877
♥  Takk for åtgaumen og god natt  ♥


Sognesommer

Denne sommeren har bestått av:

Fine netter:
DSC05727

Fine dager:
DSC05712

Varme dager:
IMAG6562

Tåkete dager:
DSC05699

Bedre måltider:
IMAG6473

Ekstremt dårlige måltider:
IMAG6667

Barsk aleinebading i iskalde fjellvann:
IMAG6644

Tilsynelatende uoppnåelige fjelltopper:
IMAG6666

Røde postkasser:
IMAG6603

Lunsj frå naturen:
IMAG6630

Nokon andre sin middag til hausten:
DSC05728

Gul bil og uendeleg mange ferjeturar:
IMAG6474

Gnagsår:
IMAG6577

Fjelltur med familien (hvertfall deler av den):
DSC05776

Hopping:
DSC05800

Enda meir hopping:
DSC05831

Dritfin utsikt:
DSC05766

Posering på høgt nivå:
DSC05794

Balansering på akuratt passe nivå:
DSC05784

…Og til slutt ein god dose flaks (altså uværet som bryter løs idet du setter deg under tak etter nesten 6 timers fjelltur):
DSC05865

Ellers kan det nevnes at sommeren trenger meir av dette:

Skopuss:
DSC05777

Mannen:
DSC05225

Laffen:
DSC05021

Og sist, og faktisk minst:
IMAG4168
(Olav Emil: Føler du deg litt sånn som pusen ser ut på dette bildet, eller tar eg feil?)

Korleis er din sommar? Saknar du og pusen din? 

Hei Maputo!

I dag…
…har vi stått opp superubermongotidlig (4.30!!!) for å se på dyrene i Afrika og alt de har å gjøre.
DSC02409
…har vi reist frå Krugerparken i Sør-Afrika til Maputo i Mosambik.
DSC02502
..har vi fått atter eit stempel og eit superfint klistremerke (med bilde) i passene våre.
…har vi oppdaga at trafikken i Maputo er sjuk! Supersjuk!
…har vi atter ein gang bestillt tilfeldig mat frå ein meny vi ikkje forstod noko av, fordi vi ikkje kunne språket med likevel fått brukbar mat (denne gangen uten dill og sylteagurk).
IMAG5162
…har vi sett havet (og en ferje) for første gang på lenge.
IMAG5155
…har vi snakka med Laffen på skype.
laffen
…har Olav Emil blitt kalt for «Jesus Christ» av tilfeldige på gata.
…har vi ligget på ryggen i bassenget heilt aleine og sett på stjernene (alle ca 15 om ein legger godviljen til).

De siste tre dagene (siden forrige oppdatering)…
…har vi vært i Krugerparken i Sør-Afrika.
DSC02281
…har vi sett ein heil haug med spennende dyr.
DSC02477
…har vi spist ein heil haug med spennende dyr!
DSC02483

…har kona blitt sobrennt på venstrearmen, og mannen på høyrearmen.
DSC02514…har vi fått nytt yndlingsspill.
IMAG5142

Vi savner…
…Laffen!
…Norsk internett!

Og vi avslutter med atter eit av livets store spørsmål (dette er kanskje eit av dei aller største):
solskilleKorleis i alle dager klarer ein å få eit slikt solskille? Forslag mottaes med stor takk! (Ikkje fordi eg har lyst på eit sånn skille, men fordi eg nesten ikkje får sove fordi eg funerer sånn på at det går ann).

Den romantiske tragedien del 2-4: Khwai-Xakanaxa-Maun

Del 2: Khwai 16.januar:
DSC01543Zazu sier god morgon!

Ekteparet våkner opp relativt tidelig på morgenen. Det har regnet nesten hele natta, så de lurer på om veiene sørover er kjørbare. Det regner fremdeles så ekteparet dropper frokosten og vender nesen og land roveren sørover.

Dette kunne blitt eit relativt spennende kapittel i boka om den romantiske tragedieferien, men kona har allerede bare få dager etter de tragiske hendelsene fortrengt det meste.
Så for å gjøre en lang historie kort (og mye mindre spennende) eit kort sammendrag:
Okavango-veiene i regntida er altfor heftige for kona som både har vondt i ryggen og ikkje orker tanken på kombinasjonen vann og leiebil med egenandel på en passe bra månedslønn.
DSC01579Korleis dette gikk får du sjå på film når vi kjem heim til skikkelig nett (og tar oss tid til klipping og liming). Vi kan røpe at ingen av oss drukna.
DSC01627Kjøpesenteret i Khwai.

Etter mykje om og men og litt syting og klaging kjem ekteparet frem til Khwai. Problemet er bare at dei ikkje veit kvar i Khwai dei skal. Til slutt har dei flaks og finner campingplassen sin, og skal til og lage seg eit lite måltid idet mannen plutselig spruter blod overalt (hvertfall bittelitt).
Mannen får behandling og kona er sint fordi hun må jobbe i ferien (eller egentlig ikkje). De lager seg kvelds og tar tidelig kveld på grunn av mangel på bålplass og ved.
DSC01592DSC01603

Del 3: Xakanaxa 17.januar:
Atter ein dag våkner ekterparet tidelig på morgonen i Land Roveren sin. Og atter ei natt har det regna mykje, slik at ekteparet igjen lurer på kva dagen vil bringe i form av utfordringer på vegene.

Dagens første utfordring kjem når Herr Nilson finner ut at han vil stjele frå kona. Sjølv om det står «LK’s» på embalasjen tar Herr Nilson pakken med seg til troppen av eit tre, men han finner heldigvis ut at metall og plast ikkje er så digg og slipper tyvegodset ned igjen.

Ekteparet tar turen innom ein av dei relativt mange park-gatene (som i gate på engelsk) og finner ut at veiene skal være kjørbare og at Xakanaxa uttales «*klikk*kana*klikk».
Og igjen: For å gjøre en lang historie kort: Ekteparet kom seg frem, men aldri før har kona knaska så mykje paracet og ibux.

Da ekteparet kom frem fant dei ut at Xakanaxa egentlig ikkje er ein plass, bare enda meir skog med campingplass.

Ekteparet er slitne, og kona har ekstremt behov for å tørke klær etter den uheldige hendelsen med den blå baggen på biltaket. Etter eit par timar (og lunsj) kommer regnet og det er naturligvis slutt på klestørkinga. Resten av dagen blir brukt på meiningslause ting, som å ikkje tørke klær og å ligge i teltet pakka inn i tepper for å holde varmen (i Afrika!!!)

Del 4: Maun 18.januar:
Atter ei forblåst uværsnatt. Denne natta får vi bevist at takteltet tåler det meste. Etter ei lang natt med lite søvn, vondt i ryggen, våte klær og nye myggstikk våkner kona og er sur og gretten. Mannen har heldigvis sovet litt meir og er ikkje like gretten.
Atter ein gang dropper ekteparet den viktige frokosten, setter seg i bilen og vender nesen mot sivilisasjonen og Maun. En by som til og med har internasjonal flyplass ifølge ein kollega av kona som har googla.

Veiene er dårlige og humpete og den stakkars kona har vondt i ryggen og drømmer om sportsbil på motorvei og sterkere smertestillende stort sett hele veien nedover.

Atter ein gang blir vi stoppa, og Botswana tar igjen fra oss kjøttet vårt. Denne natta skal vi bo på hotell i nærleiken av mat og butikk så vi tar det ikke så tungt denne gangen.
Ca. 3-4 mil frå Maun treffer ekteparet på eit anna ektepar (eller lignende) som har fått motorstopp med campingbussen sin. Dei vil at vi skal gi beskjed til det lokale politiet. Mannen er misunnelig på dette paret, med den stygge, gamle, tyske campingbussen som attpåtil har fått motorstopp. Kona forstår ingenting og håper mannen ikkje kjøper seg stygg campingbuss og køyrer gjennom Kongo og Bolivia når han kjem i midtlivskrisa!

Vel fremme i Maun starter jakta på eit passende sted å bo. På første forsøk finner ekteparet ein overprisa lodge med innrøykte «budsjett»-rom. Dei takker nei, og reiser videre.

På andre forsøk finner ekteparet Kamanga Lodge, som hadde ledig rom heile helga og litt hyggligere priser. Vaskeriservice hadde dei og (noko som kjem godt med når kona hadde ein heil bag med klamme, stinkende, våte klær). Edderkopper og dårleg jazz på høytalere rett utanfor rommet hadde dei og, men det er ein annan historie…

Afrikanett, dårlige nettlesere, store filer, dårlig tid og dårlig tolmodighet er dårlig kombo, derfor mangler bilder på 2 av dagene. Sånn er det bare…

Disse to dagene i Maun har forresten vært såpass innholdsløse at de ikkje får eit eget innlegg, bare eit eget avsnitt: Vi har hatt det flott, slappa av, spist god mat, kjøpt ein mobiltelefon (med botswansk nummer), vært på shopping, planlagt reiseruta, spist enda meir… Ja. Hatt ferie rett og slett! Vi har og hatt kakefest på rommet, men den var ein fiasko. Synd bildeopplasteren er for treig til å dele dei flotte bildene…

Dagens funfact:
-Zazu er barnevakten til Simba, i Løvenes konge (i tilfelle du lurte).
-«Franklin Roosevelt vas related to 5 U.S presidents by blood and 6 by marriage»
-Dei har snapple i Botswana!

Dagens not so fun fact:
-Zazu er død! Olav Emil fikk han i frontruta på vei til Maun.

Livets store spørsmål i Afrika (her kan du bidra):
-Kvifor får vi blå, pulveraktige greier på dekka våre når vi køyrer? Gjørma vi køyrer i er jo ikkje blå?
-Kvifor er pølser bua? Er det nokon som bøyer dei? Kvifor kan dei ikkje bare være beine?
-Korleis klarer afrikanere å «klikke» og snakke samtidig?
-Kven er du? (Eg har plutselig fleire lesere enn venner, nesten. Ikkje vær så sjenert!)