«…so much faster than you could say disaster…»

DSC02165

Ein eller annan gong for veldig lenge siden slutta antennene mine å vokse. Du veit, dei antennene som forteller deg kva tid du skal være flau eller ikkje. Av og til hadde dei sikkert vært praktiske, men av og til er eg veldig glad for at dei er så korte som dei er.

29 kg + 36 kg = 65 kg. Å gå tur i skogen med 65 kg (fordelt på to individer med ulik oppfatning av kva som er spennende og ikkje) er ein ny opplevelse for meg. Dei første 200 meterne såg eg for meg at eg aldri kom til å nå fjelltoppen eg hadde som mål for turen, men etter hvert så løsna det. Litt etter litt blei alt betre og fjelltoppen virka plutselig ikkje så uoppnåeleg likevel.

Men, plutselig står den der!
wowwe

65 kilo med pubertal, gal hund synes dette er noko av det artigste de har sett på lenge og i løpet av brøkdelen av eit sekund ligger matmor langflat og vondbroten foran fire forvirra ungdommer og ein liten hårdott.

Hadde antennene mine hatt rett lengde hadde eg sikkert gravd meg eit hull i bakken, men istedenfor fikk eg hjelp til å komme meg opp og videre. Klok av skade så klamra eg meg fast til eit tre då vi møtte på hund nr. 2. Og istedenfor å nyte utsikten på toppen fant eg ei grein å binde dei smårabiate hundane i mens eg studerte skadene mine og tenkte over kor flaut dette egentlig hadde vært om eg var ein person som brydde meg om denslags.

Ironisk nok finner spotify ut at det er eit passende tidspunkt å spele «Sometimes you can’t make it on your own» av U2 idet eg skal til å begynne på heimvegen. Takk for den, men sjølvinnsikten er det faktisk ingenting i veien med!

Litt skrubbsår, litt brannsår og det heftigste blåmerket på fleire år! Det er lenge til eg går tur aleine i skogen med 65 kg hund igjen.

This slideshow requires JavaScript.

Til slutt litt musikk, som eg egentlig hadde tenkt å poste i forrige innlegg. Denne er til Olav Emil som er på lastebiltur (sjølv om lastebilturen snart er ferdig):

Det er hull i min kalender, og min trailer har full tank
Eg ser ikkje bak meg lenger. Lever nå, og tenker fram
Kom kom kom an baby. Kom kom kom an
Eg skal regna på deg og ditt støv og din
sand

Har du og blå bein? Våkner du og av at den eine foten kjem borti den andre når du søv om natta? Har du tryna i det siste?

Perspektiv

Dagens soundtrack:

Då eg starta denne bloggen for halvanna år sidan var planen å skrive om alle dei fine tinga her i livet. Reise, leik og morro! Desverre inneholder livet svært lite leik og morro for tida, så da får vi vel skrive litt om dei kjipe tingene og då…

Ikkje for å skryte, men eg ser på meg sjølv som ein ganske sympatisk, godhjerta person. Eg har ein jobb der er møter folk som har det vondt, og eg har til tider ganske vondt sjølv. «Det er alltid nokon som har det verre» er det mange som trøyster med. «Ja, det er vel det…». Kva er poenget? Skal ein liksom finne trøyst i at andre har det verre enn ein sjølv?

Når eg ligger i fosterstilling i eit mørkt rom med øynene tildekka, drøymar om øyreproppar og har smerter eg ikkje ein gang unner min verste fiende, skal eg liksom trøyste meg med at «Det er alltid nokon som har det verre!»? Kva er det poenget med det?

10289802_308653275956011_7760122495374082844_n
Då denne dukka opp i nyhendestraumen min på facebook tenkte eg sånn ca:
«FU MOFO’s! Dere veit da for svarte ¤%&?@¤% ikkje kva dere snakker om! Dustedrittfolk!»

I dag har vært ein hard men produktiv dag. For å gjøre ein lang og ganske uinteressant historie litt kortere; Etter å ha gått av vakt stod eg «plutselig» heime på trappa, med parkeringsbot, sjukemelding og ein pose meg nytt «knask» frå apotektet i neven og innsåg at «livet mitt er tross alt ikkje så ille…20140508_134108
…eg er i det minste ikkje ein hund med 5 sting under poten og ein lampeskjerm rundt halsen!»

«Det er alltid nokon som har det verre» Hunder med lampeskjerm rundt hovudet til dømes!

Plutseleg forstod eg #Denfølelsen !

Har du ein dårlig dag i dag? Har du lampeskjerm rundt hodet og 5 sting i poten? Eller har du fått parkeringsbot kanskje? Kommentarfeltet er til for å brukes!

 

 

To skritt frem og eit tilbake…

I går var eg og verdas finaste men mest utolmodige hund på den første skogsturen på eit par månedar. Eit lite augeblink byrja eg nesten å lure på om ting går framover.

DSC00359DSC00377
DSC00383DSC00401

I dag derimot har eg atter ein gang konstantert at døgning er for tøffe 9.klassinger og raringar. Eg er ikkje ein tøff 9.klassing lengre (desverre… Og heldigvis!)

Takk Gud (eller kven enn som burde takkas) for koffeinpiller, kaffi, sminke, solbriller og folk med høg underholdningsverdi!

(Og ikkje takk for måkene som bæsja på meg! Eg synes faktisk ikkje eg fortjente det i dag! Men takk til Cecilie som vaska meg!)

DSC00476
DSC00484

No er det natt! Har du hatt ein bra dag?

Åtgaum, kjærleik og svidde augebryn!

I dag har vært ein bra dag. Hipp hurra for fine folk som kjem på besøk sjølv om eg er litt sjuk og kjedelig for tida.

DSC09440
Bra folk som kjem på besøk fortjener ein suss! Spesiellt når dei kjem og disker opp med den beste lunsjen på lenge! (For vi kan vel ikkje leve på bare kaffi, luft og kjærleik?)

DSC09528
Bra folk som kjem på besøk fortjener ikkje hundehår i kaffien, men dei får det likevel!

DSC09448
Snille Laffen låner vekk grisen sin til Rex.

DSC09550
…og dette er takken!

Og frå det eine fine besøket til det neste. Dei hadde ikkje med seg mat, men siden dei hadde lampeolje skal eg vurdere å tilgje dei:
(Don’t try this at home)
DSC09648
«Love is in the air» *hjartehjarte*

DSC09651

DSC09793
Og på eit eller anna tidspunkt blei eg eit halvt augebryn fattigere. Kanskje her?

DSC09785
…Eller var det her?

Du veit at det har vært ein bra dag når du har både blitt solbrent og svidd vekk eit halvt augebryn!

DSC09877
♥  Takk for åtgaumen og god natt  ♥