10 Tips for ein aktiv (laste)bilferie

For ca 3 måneder siden, på eit hotellrom ein eller annan plass mellom her og Ukraina begynte eg å skrive på dette blogginnlegget. Då eg reiste til Ukraina var selvfølgelig håpet å komme heim med #bikinikroppen2015 (er det ikkje derfor vi alle reiser til Ukraina på lastebiltur?)

I anledning at mannen og svigerfar har reist til Ukraina igjen nå (dei luringane) tenker eg at dette er eit særdeles passande tidspunkt å poste «10 tips til ein aktiv lastebilferie». Om dei følger alle tipsa er det ikkje umulig at dei kjem heim med 6-pack og kvilepuls på 32!

Det har vært eit par saker i media i det siste om fagfolk som er kritiske til bloggere utan god nok utdannelse som gir råd om trening og kosthold. Ein av «ekspertene» meinte at ein ikkje burde gi konkrete råd, men heller si «Dette funker for meg»…

Eg kom ikkje heim med #bikinikroppen2015 (og det er kanskje like greit når ein er på jobb 24/7/nesten365) så konklusjonen er at tipsene under her ikkje funka for meg. Så om du ikkje vil prøve tipsene mine, så kan du jo gjøre det motsatte. Kanskje du ender opp med #sommerkroppen2016 og #bikinifitness2017?!

611e454aa8ebae0da10b343d370ad867
Denne kom eg over hos min gode venn «google» då eg søkte etter eit obligatorisk «motivasjonsbilete» (for alle treningsblogger har det!). Oh, the irony lizzm…


1. «If you fail to plan, you plan to fail»

Mens enkelte ikkje ein gang klarer å hugse passet sitt når dei skal på lastebiltur ut av EU (*kremthostolavemilhosthosthark*) er det andre som hugser alt. Treningstøy for eksempel!

Med baggen full av treningstøy er det stor risiko for at kjem heim med baggen full av reine klær, men uten baggen full av treningstøy er det stor risiko for at du har atter ein unnskyldning til å ikkje trene!
DSC07135
Bare eit lite bevis på at treningstøyet mitt blei brukt!

2. Ta med deg svigermor!
Har du ei svigermor? Ta ho med på lastebiltur. Sjangsen er relativt stor for at svigermora di ikkje veit kva bulgarsk utfall og dips er. Er ho like kul som svigermora mi kan du bruke ventetiden på den ukrainske tollstasjonen til å lære svigermora di dips, samtidig som du får litt gratis trening på kjøpet!
DSC06375
Illustrasjonsbilete av svigermor som er superfornøyd og superkul i superlastebilen!

3. If you didn’t document it, it didn’t happend.
2015-04-04 00.26.46
Skritteller er ein fin måte å måle fysisk aktivitet. Eg anbefaler veiene (utafor motorveiene) i Polen, Slovakia og Tjekkia. Der får ein ekstra mykje skritt på relativt få kilometer med køyretur. Ganske praktisk å kunne «gå» over 15 000 skritt når alt ein gjør er å bevege seg ut av lastebilen for å gå på do og for å spise.

Det teller så lenge det er dokumentert, sant?

4. Drikk nok vann

Nå trur du sikkert at eg kjem med den klassiske talen om kor viktig det er å holde seg hydrert osv. Neida, drit i det.

Poenget her er kort og godt: Det som går inn må og komme ut som bringer meg videre til neste punkt…
DSC06778
Illustrasjonsbilete av Vodka/водка som visstnok betyr vann.

5.Tren når du kan!
IMG_20150329_173044
Du ser eit skittent toalett. Eg ser ein fantastisk mulighet for litt statisk beintrening!
(…Og som nevnt i forrige post: Drikk mykje vann, og du vil få denne fantastiske muligheten OFTE!)

Uten navn12345
Atter eit motivasjonsbilete: «Legday is everyday» og alt er lov, sjølv om eg fraråder falling på skittne dogulv! (Trykk på bilete for å komme til sida eg stjal det frå).

6. «Oppkarbing» er viktig!
IMG_20150329_141930
Pek på masse tilfeldige ting på ein meny med russiske bokstaver, og vips så har du ein heil haug med karbohydrater (dette bilete er frå den eine gangen eg var så heldig at noko av karbohydratene kom i form av grønnsaker).

Eg har lest at karbohydrater er viktig før trening. Eller var det etter trening? Ev valgte hvertfall å være på den sikre sida: Ei uke med karbohydrater, joggetur på ca 5 km, og så nokon dager til med karbohydrater. Det funka ikkje 100%, så neste gang vurderer eg å trappe litt ned på karbogydratene og litt opp på treningsmengden (men det er sjølvsagt viktig å ikkje bli overtrent!)

7. Finn ein olympisk løpebane!
IMG_20150403_001541
.
..for dei er jo overalt!

8. Meld fra om kvar du går:2015-04-04 00.25.18
«Eg går til venstre» sa eg til Olav Emil før eg forsvant frå den relativt shabby delen av byen til den delen som såg litt meir ok ut. Joggeturen gikk blandt anna på skogsveien og på ein sti der eg løp slalom mellom tomme spritflasker og slitne, forlatte klesplagg frå byens løse fugler. Lurer på om Olav Emil hadde klart å gjette seg frem til kvar han skulle leite om eg hadde forsvunnet her…

9. Dropp prokrastineringa!

Neida. Dette er ikkje eit punkt som står der bare fordi eg er stolt over at eg kan eit så vanskelig, avansert ord. Viste du at prokrastinering betyr utsettelsesadferd? Appropo utsettelsesadferd, her er eit bilete av meg som tar selfies istedenfor å trene:
IMG_20150402_105813
Funfact: Ca. 90% av selfiesene mine blir tatt i prokrastinerede tilstand!

10. Slå en god gammeldags floke!DSC07066…Gjerne med ein glad polakk!


Og siden Olav Emil etterlyste dagens spørsmål for to innlegg siden får han viljen sin denne gangen:

Har du ei kul svigermor? Har du trukket vodka i det siste? Liker du å ta knebøy over skittne toalett? Når ramla du sist på eit skittent badegulv? Slo du deg? Har du vært bevistløs? Veit du kor lenge du var bevistløs? Husker du kva som skjedde før du ramla? På ein skala frå ein til ti, der ein er ingenting og ti er det verste du kan tenke deg, kor vondt har du akkurat nå? Har du nokon allergier? Har du vært på sjukehus i utlandet dei siste 12 månedene? 

#jobbmodus #jaeggledermegtilågåavvakt

«…so much faster than you could say disaster…»

DSC02165

Ein eller annan gong for veldig lenge siden slutta antennene mine å vokse. Du veit, dei antennene som forteller deg kva tid du skal være flau eller ikkje. Av og til hadde dei sikkert vært praktiske, men av og til er eg veldig glad for at dei er så korte som dei er.

29 kg + 36 kg = 65 kg. Å gå tur i skogen med 65 kg (fordelt på to individer med ulik oppfatning av kva som er spennende og ikkje) er ein ny opplevelse for meg. Dei første 200 meterne såg eg for meg at eg aldri kom til å nå fjelltoppen eg hadde som mål for turen, men etter hvert så løsna det. Litt etter litt blei alt betre og fjelltoppen virka plutselig ikkje så uoppnåeleg likevel.

Men, plutselig står den der!
wowwe

65 kilo med pubertal, gal hund synes dette er noko av det artigste de har sett på lenge og i løpet av brøkdelen av eit sekund ligger matmor langflat og vondbroten foran fire forvirra ungdommer og ein liten hårdott.

Hadde antennene mine hatt rett lengde hadde eg sikkert gravd meg eit hull i bakken, men istedenfor fikk eg hjelp til å komme meg opp og videre. Klok av skade så klamra eg meg fast til eit tre då vi møtte på hund nr. 2. Og istedenfor å nyte utsikten på toppen fant eg ei grein å binde dei smårabiate hundane i mens eg studerte skadene mine og tenkte over kor flaut dette egentlig hadde vært om eg var ein person som brydde meg om denslags.

Ironisk nok finner spotify ut at det er eit passende tidspunkt å spele «Sometimes you can’t make it on your own» av U2 idet eg skal til å begynne på heimvegen. Takk for den, men sjølvinnsikten er det faktisk ingenting i veien med!

Litt skrubbsår, litt brannsår og det heftigste blåmerket på fleire år! Det er lenge til eg går tur aleine i skogen med 65 kg hund igjen.

This slideshow requires JavaScript.

Til slutt litt musikk, som eg egentlig hadde tenkt å poste i forrige innlegg. Denne er til Olav Emil som er på lastebiltur (sjølv om lastebilturen snart er ferdig):

Det er hull i min kalender, og min trailer har full tank
Eg ser ikkje bak meg lenger. Lever nå, og tenker fram
Kom kom kom an baby. Kom kom kom an
Eg skal regna på deg og ditt støv og din
sand

Har du og blå bein? Våkner du og av at den eine foten kjem borti den andre når du søv om natta? Har du tryna i det siste?

Kjære googler (Del 2: Mat/alkohol edition)

Da har eg omsider satt meg ned og fintellt alle stemmene. Det har vært en lang og hard avstemming, med masse stemmer, men endelig er resultatet her:

avstemming

Som dere ser var det kategorien «mat/alkohol» som gikk av med seieren, og hakk i hæl følger «diverse». Gratulerer til «Mat/alkohol». Bedre lykke neste gang til alle som stemte på «diverse».

«dill til lastebil»

Når ein tar eit kjappt biletesøk på google på «dill til lastebil» er dette resultatet ein får:
dill til lastebil

Kva ser vi her? Vi ser lastebiler, vi ser eit par ting som er superurelevante og vi ser dill. Stakkaren som søkte på «dill til lastebil» har nok ikkje funnet det han (eller hun?) var ute etter. Siden eg gjør nesten ALT i verda for leserene mine har eg tatt saka i egne hender. Her er det du leita etter:

DSC05128

Personlig foretrekker eg lastebil utan dill, men kvar sin smak. Uansett: Bon apetitt (men pass på tennene og ikkje rør ølen om du skal ut på lastebiltur).

Om ein til dømes skal på lastebiltur og ikkje har mulighet til å holde dillen fersk, så finnes det reserveløsninger:
dill

Lykke til med matlaginga!

«alkohol sylteagurk»

Alkohol er godt (neida mamma, eg bare tuller) men kvifor la sylteagurk ødelegge all morroa? Eg hatar sylteagurk og ville heller spist min egen fot enn å nærme meg ei sylteagurk, men om ein kjenner trangen og likevel vil ha noko, kan kanskje dette være eit greit sylteagurkfritt alternativ:
DSC05139

«billigste spriten som ligner på vodka»

Jeg skjønner nesten ikkje kvifor nokon har googla dette. Det blir jo nesten for enkelt:
701273

Om ein bestiller 15 flasker av dette vidundermiddelet på internett får ein ein literpris på ca 100kr. Da får ein deilig 75%sprit som du bare må vanne ned til 60% og vips så har du vodka. Hurra! Denne finnes også i praktisk reisestørrelse.

(P.S Antibac inneholder 75% alkohol og er hverken lovlig eller lur å drikke, så det tryggeste er nok å holde seg til vodkaen om ein absolutt må drikke teite ting. Den polske vodkaen er forresten eit billig alternativ til den norske vodkaen).

«pizza rømme istedenfor tomatsaus»

Pizza med rømme istedenfor tomatsaus er enkelt. Du bare bytter ut  tomatsausen med rømme. Om du ikkje gidder å lage pizzaen sjøl kan du reise til Ukraina. Der har dei ikkje hørt om tomatsaus (ulempa med Ukraina er at dei har hørt om dill).
IMAG4680

Ukrainsk pizza utan tomatsaus med med sylteagurk, dill og pølse. Omnomnomnot…

Men nå er det natt:
DSC05085

(Stua skal ryddes, så eg har ingen planer om å sove enda men det passa så godt med ein gjesp)

Har du drukket antibac i det siste? Liker du sylteagurk i ølen din? Synes du pusen er fin? Har du huska å stemme?

Tingene man burde vært redd for på lastebiltur til Ukraina:

Fordi er har eit liv og ein til tider travel jobb (og jul og alt det tullet der): Her er atter eit forsinka Ukraina-innlegg…
Advarsel: Eg virker kanskje ein smule negativ, men det er egentlig sarkasme (og sarkasme er ein bra ting! Om du ikkje liker det kan du trykke på krysset øverst til høyre). Turen har vært kjempeflott til tross for folk som ikkje snakker engelsk (og norsk), skittne hotellrom, offentlige toaletter og sylteagurk!
IMAG4716

Etter ca 12 dager på reiseføtter er vi omsider hjemme med dobbeltseng, dobbeldyne, hus uten eit eineste vegg til veggteppe. Borte er vel og bra men heime er heilt fantastisk.
En kort oppsummering: Vi traff ikke «The human barbie» i ei mørk bakgate, vi har ikkje fått hverken AIDS eller MRSA (eller forstoppelse som mamma beskymra seg for… «siden vi skal sitte så lenge»). Juletrærne var stort sett av plast, og siden de ikkje glittra går eg ut ifrå at dei ikkje var radioaktive, og då har vi sikkert ikkje kreft heller. Det var også usedvanlig lite ukrainsk polka.
Vi har rett og slett vært naive! Så her er innlegget og lista «Tingene man burde være redd for når man skal på lastebiltur til Ukraina»

Alkohol – Du er standa! Einsam og aleina i eit land der ingen ser nytteverdien i å lære seg engelsk. Du setter deg ned på hotellresturanten og bestiller «water». Servitøren tenker seg lenge om og ser spørrende på deg. «Vodka?». «No, no, no… Water! A Q U A?». Enden på visa er at Olav Emil reiser seg, går bort til kjøleskapet og peker på flaska (som forøvrig er av merket «Good Water»). Men hvorfor drikke vann? Sprit er jo mykje billigere, og blir man full nok smaker nok det meste (bede spriten og vannet) kanskje mykje bedre.

IMAG4489I Polen har dei 1,5 liter Absolutt Vodka til 150 kr. Sidan det er jul og greier kan man slå til og ta 3 og betale for 2. Heldigvis har man kondomer og ibux i nærleiken av alkoholen, for de som innser at dei kan trenge det. Om man ikkje er så kresen på kvaliteten finnes det mykje billigere sprit… 

Ambulanser – Etter en uke med billig fyll er man kanskje en smule dårlig. Kanske man tryner og knekker nakken. Kanskje man til og med slutter å puste. Vi stopper der, for ambulansene har ikkje meir utstyr i bilen enn ein nakkekrage og ventilasjonsbag (så du må for all del ikkje finne på å spy mens du ligger der og ikkje puster, for da døyr du nok). Trenger du medisiner derimot er du nok ganske trygg. Ein Ukrainsk ambulanse har medikamentkoffert på størresle med Haukeland Universitetssykehus (og det var bare en mild overdrivelse) og de har og en fin pinne som holder bakluka åpen, mens de laster det inn i en for lengst pensjonert (etter norsk standard) ambulanse.
DSCN0319Etter å ha hilst på denne ambulansen får eg (nesten) bokstaveleg talt lyst til å kysse alle reservebilene i alle dei fattigste helseforetaka i Noreg…

Coca Cola Company – Etter 10 år med Coca Cola boikott sa det stopp! Øst-europeere liker vist ikkje pepsi max, så om man vil drikke noko anna enn klorvann, blodvann (forklaring lengre nede), alkohol og sukkerbrus må man faktisk ty til CCC. Shame on me! Neste gang skal vi importere en palle med Pepsi Max (evt. kanskje en 10-liters dunk med norsk springvann). Eg trøster meg med at det ikkje frister til gjentagelse: Eg tipper tiss smaker bedre enn cola light! (Bare vill gjetting… Om nokon av leserene mine har prøvd begge deler: legg gjerne igjen en kommentar.)

Dill – Er du redd for dill? Isåfall burde du holde deg laaaaaangt unna Ukraina. De putter dill på ALT! Jeg hadde faktisk ikkje blitt overaska om de putta dill på iskremen jeg bestillte til desert!
IMAG4680Matlei og dårleg fantasi? Kvifor ikkje prøve «pizza a la Ukraina»: Rømme istedenfor tomatsaus, pølsebiter, sylteagurok og *trømmevirvel* dill! Omnomnom! (Bare for å presisere at eg ikkje er supernegativ: Den smakte ikkje så ille etter at man hadde plukka av all sylteagurken).

Grenseoverganger – Tollere er barske og nazi og så springer de rundt overalt og stempler for hardet livet. Og nokon ganger skriker dei skikkelig høyt! Og nokon av dei ser til og med på tegneserier. En kjapp oppsummering: Grenseoverganger suger! 5.5 timer på vei inn i landet og 7 timer på vei ut (og det med snikerett). På grenseovergangene har de og serdeles kjipe toaletter (som eg og kommer tilbake til).

Kalorier – En del mennesker (deriblandt meg) har litt angst for kalorier, og av god grunn. Kalorier er disse skumle greiene som finnes i maten vi spiser som gjør at vi gruer oss til bikinisesongen hver vår. I løpet av 10 dager på reis har jeg bl.a spist: eit tonn sjokolade, eit dusin pakker kjeks, ørten hamburgere og eit ukjent antall rare fettkarbohydratkaker duppa i frytyrolje og drukna i to tonn med rømme. Kanskje ikkje så ille, men når man reiser til eit land med russiske bokstaver, ukrainsk språk og ikkje kan nokon av delene er man ganske…»føkkt øpp». Det blir ganske mye rar kaloririk mat når man peker på tilfeldige ting på en meny.
(Og for Guds skyld: Er du veggis, har du tre valg: Lær deg språket, slutt å være veggis eller la være å reise til land med Russiske bokstaver).
IMAG4709Karbohydratfettkake i rømmebad!

Kulde – I likhet med Norge er Ukraina (og Polen, Tyskland, Danmark og Sverige) relativt kaldt om vinteren. Men i motsetning til Norge er Ukrainere over gjennomsnittet glad i å spare strøm. Ok, de er kanskje ikkje glade i det, men poenget er: Brrrrrrr…!

Løshunder – Løshunder er egentlig ganske trivlige dyr. De laffer rundt, tigger etter mat og er antagligvis fulle av grusomme sykdommer som dreper deg innen 5 minutter dersom du blir bitt! Andre løshunder er bare teite (f.eks de som glefser etter deg og de som ligner på chihuahuaer)
IMAG4719

Løskatter – Ifølge «Legenden om de grusomme løskattene» er Ukraina full av grusomme løskatter! Vi så ikkje en eneste en, og bra er det for da hadde vi kanskje ikkje vært i live nå!

Offentlige toaletter – Offentlige toaletter er så grusommt at det egentlig fortjener eit eget innlegg, men for å oppsummere alt i ein kort settning:» Hygiene er oppskrytt!» Det virker hvertfall som det er det som er leveregelen ein del plasser. Hvorfor ikkje vaske doen med sølevann og bruke dokosten som dorullholder? Da vi skulle på 10-dagers lastebiltur hadde eg ein mistanke om at det kom til å bli mangel på fysisk aktivitet, men den gang ei: I løpet av turen har eg persa i kvartbøy (den hygieniske versjonen av knebøy i toalettsammenheng).IMAG4721«Mmmm, så det frister å tørke seg med dette»… Kanskje det er derfor folk får AIDS?

Polsk kaffe – Eg nevnte det i innlegget om kva eg trodde eg burde være redd for, og polsk kaffe levde virkelig opp til forventningene!
IMAG4753Dårleg kaffegrut + glassbiter + pølsevann = Polsk kaffe (eg trooor hvertfall det er den hemmelige oppskriften)

Polsk skog – Hvorfor en bør være redd for polsk skog veit eg ikkje, men i og med at store deler av den har gjerde rundt seg kan en begynne å tenke «Beskytter de skogen mot menneskene eller beskytter de menneskene mot det som bor i skogen?». Olav Emil sa hvertfall at det var ulv i skogen, og de må man passe seg for for de spiser spedbarn til frokost! Garantert! (Det må jo være en grunn til at folk på død og liv vil avlive all ulv i Norge!)

Rydding – Ikkje rydd! Rydding er farlig og kan føre til alvorlige skader og masse blodsøl! Og blodsøl kan igjen føre til besvimelser, som heller ikkje er spesiellt behagelig (men det slapp vi heldigvis unna).
IMAG4759«Ikkje gjør som morra di sier!» for da kan du begynne å blø. Og det er bedre at det er rotete enn at det er rotete med masse blod oppå (dessutan har eg fått eit krater i hovudet, så om eg nokon gang får kreft og må barbere meg har eg plutselig eit lite ekstra spenningsmoment og evt ein ekstra god grunn til å bruke lue).

Rømme – I utgangspungtet er eg ikkje så veldig redd for rømme, men hvis du har en veldig god grunn til å være redd for rømme: Ikkje reis til Polen eller Ukraina! Hadde de innfødte kunne valgt ville de nok heller hatt rømme (og sylteagurk) i springen, istedenfor vann!

Skjeve lyktestolper – Om man er redd for «småpengene» sine må man for all del ikkje finne på å rygge ned lyktestolper i Polen. (Okey, 800 kr er kanskje ikkje småpenger, men eg tipper det koster litt mer å fikse en lyktestolpe i Noreg).
IMAG4496Olav Emil rygga på ein lyktestolpe slik at vi ble tatt som gissler av ein korrupt bensinstasjonfyr! 

Springvann – Springvann utanfor vakre vestlandet er skumle saker. I Ukraina smaker og lukter det så kraftig jern at man like gjerne kunne tatt seg eit blodbad istedenfor ein dusj, og dessutan spyr man (Olav Emil) nesten når man skal pusse tennene. Er man heldig kan man få reint klor i springen istedenfor blodvann. (Og i Oslo smakte ikkje vannet så ille når man hadde vært i Øst Europa først.

Sylteagurk – Sylteagurk er djevelens verk, og i Polen og Ukraina kan man ikkje lage mat utan å toppe det med sylteagurk! Blægh! (Så topper vi det hele med å glemme å «avbestille» sylteagurk på burgeren vi bestillte i Valdres. Når eg blir statsminister skal eg få gjennom en lov som sier at det ikkje er lov å uoppfordra putte sylteagurk på maten til andre).
IMAG4729Omnomnom! (Not)

Trafikk – Trafikk er skumle saker. Folk kjører som om de er… Øst-Europeere (les: Suicidale). Hver gang nokon døyr i trafikken i Polen setter dei opp eit monument (enten eit kors eller ei statue av ein helgen) som dei kaster blomster og plastikposer på. Resultatet er rare, forsøppla monumenter ved ca hvert eneste gatehjørne. At vi ikke så flere lik på turen overasker meg nesten… (Til gjengjeld så vi X-antall utforkøyringer, og det er da noko…). Kanskje folk hadde kjørt meir forsiktig om dei viste at dei blei henta av ein utrangert ambulanse med pinnedøråpner.

Ukrainsk teknosyretrance – Tenk deg den styggeste teknosangen du kommer på! Jeg vedder en 50øring på at det finnes en teknotranssyreremix av den eit eller anna sted i Øst-Europa! Og bare for å være helt sikker på at alle får det med seg spiller de denne innforjævlige «musikken» på hvert eneste offentlige sted (bortsett frå grenseovergangene, for der ser de heller på tegnefilm) med volumet ca dobbelt så høyt som eit gjennomsnittlig norsk utested!

Ukrainske tollere – Man kødder ikkje med ukrainske tollere! Og man må for all del ikkje ta bilde av dem, for da smeller det!
IMAG4645tollerSiden eg er ein ekte rebell tar eg bilder av tollerene. Siden eg og er litt pingle sensurerer eg dei, før eg postar dei på bloggen min (for tenk om dei ukrainske tollerane leser bloggen min på fritida si)

Valdres – I Valdres snakker de så rart at de høres ut som teite parodier på seg sjøl. Dessutan har dei sylteagurk på maten sin der og.

Vegg til vegg-teppe – Vegg til vegg-tepper er virkelig djevelens verk! De finnes på alle hoteller og standarden på hotellet avgjøres av hvor rent hotellet er. Desverre er det ikke alle plasser det er flere hoteller å velge mellom. I korosten var vi så heldige at vi fikk fuglefrø inkludert i prisen. For det finnes jo nesten inngenting bedre enn eit nesten gratis hotell med vegg til vegg-teppe med fuglefrø (og diverse andre ulumskheter). Mulig dei som bodde der før oss hadde fugl, for TV-bordet hadde flekker som minna skumelt mye om fuglebæsj! Omnomnom!
IMAG4690Her er den reine delen av vegg til vegg-teppet på hotellet i Korosten (Ukraina).

Er du redd for dill, rømme eller sylteagurk? Viste du at det er noko som heiter «Coca Cola urin»? Har du nokon gang kyssa ein ambulanse? Synes du eg kledde ginger-looken eg hadde da eg slo hovudet?