Dagens soundtrack:
Då eg starta denne bloggen for halvanna år sidan var planen å skrive om alle dei fine tinga her i livet. Reise, leik og morro! Desverre inneholder livet svært lite leik og morro for tida, så da får vi vel skrive litt om dei kjipe tingene og då…
Ikkje for å skryte, men eg ser på meg sjølv som ein ganske sympatisk, godhjerta person. Eg har ein jobb der er møter folk som har det vondt, og eg har til tider ganske vondt sjølv. «Det er alltid nokon som har det verre» er det mange som trøyster med. «Ja, det er vel det…». Kva er poenget? Skal ein liksom finne trøyst i at andre har det verre enn ein sjølv?
Når eg ligger i fosterstilling i eit mørkt rom med øynene tildekka, drøymar om øyreproppar og har smerter eg ikkje ein gang unner min verste fiende, skal eg liksom trøyste meg med at «Det er alltid nokon som har det verre!»? Kva er det poenget med det?
Då denne dukka opp i nyhendestraumen min på facebook tenkte eg sånn ca:
«FU MOFO’s! Dere veit da for svarte ¤%&?@¤% ikkje kva dere snakker om! Dustedrittfolk!»
I dag har vært ein hard men produktiv dag. For å gjøre ein lang og ganske uinteressant historie litt kortere; Etter å ha gått av vakt stod eg «plutselig» heime på trappa, med parkeringsbot, sjukemelding og ein pose meg nytt «knask» frå apotektet i neven og innsåg at «livet mitt er tross alt ikkje så ille…
…eg er i det minste ikkje ein hund med 5 sting under poten og ein lampeskjerm rundt halsen!»
«Det er alltid nokon som har det verre» Hunder med lampeskjerm rundt hovudet til dømes!
Plutseleg forstod eg #Denfølelsen !
Har du ein dårlig dag i dag? Har du lampeskjerm rundt hodet og 5 sting i poten? Eller har du fått parkeringsbot kanskje? Kommentarfeltet er til for å brukes!