«Skru på sirenen og gje meg varige mèn»

IMAG7052
(Ein av grunnane til at det er umulig å sove ei heil natt i Mexico City utan øyreproppar! Funfact for folk som ikkje har peiling på sirener: I Noreg har dei fleste utrykkningskøyretøy to sirener som dei veksler mellom! I Mexico er talet uendeleg og dei har ein radio/megafon i tilegg!)

6 dagar med hospitering er gjennomført og statistikken sålangt ser sånn ut:

5 trafikkulykker (dei fleste mindre alvorlige)
2 tømminger av absess (!)
2 Idrettskader
1 mulig beinbrudd
1 overflytting frå sjukehus til sjukehus
1 psykiatri
1 skrubbsår
1 urinvegsinfeksjon
1 transport av sengeliggende pasient frå heim til bedrift for å skrive under på (ikke helserelaterte) papirer for så å køyre heim igjen.

Eg skal innrømme at eg forventa sjangsen for å treffe på pasienter med litt meir «spennende» tilstander var litt større i ein millionby enn i lille bygde-Noreg, men realiteten er vist ein heilt annan. Meksikanere har i det minste ein tendens til å få den minste lille ting til å virke spennende.

IMAG7048

Til nå har vi hatt 3 dager i ein privat ambulanse og 2 dager i ein offentlig ambulanse. Ein relativt stor andel av pasientene ville aldri vært i nærleiken av ein ambulanse om dei befant seg i Noreg, men fordi det er penger i bildet får dei hjelp av ambulansen likevel (ofte i form av ibux, voltarolkrem og enorme mengder bandasje, også på ubetydlige skrubbsår).

Vi har og vært vitne til at pasienter som (etter vår meining) burde få hjelp/legetilsyn etter ulykke ikkje får det på grunn av kostnadene.

I morgon er 2.siste dag i Mexico City og siste dag med hospitering (for min del) og atter ein gang prøver vi oss på ein ny teneste. Kanskje i morgon er dagen vi får sjå dei tinga som preger avisforsidene og gjør Mexico City til verdas 2.farligste by?

IMAG7038