10 Tips for ein aktiv (laste)bilferie

For ca 3 måneder siden, på eit hotellrom ein eller annan plass mellom her og Ukraina begynte eg å skrive på dette blogginnlegget. Då eg reiste til Ukraina var selvfølgelig håpet å komme heim med #bikinikroppen2015 (er det ikkje derfor vi alle reiser til Ukraina på lastebiltur?)

I anledning at mannen og svigerfar har reist til Ukraina igjen nå (dei luringane) tenker eg at dette er eit særdeles passande tidspunkt å poste «10 tips til ein aktiv lastebilferie». Om dei følger alle tipsa er det ikkje umulig at dei kjem heim med 6-pack og kvilepuls på 32!

Det har vært eit par saker i media i det siste om fagfolk som er kritiske til bloggere utan god nok utdannelse som gir råd om trening og kosthold. Ein av «ekspertene» meinte at ein ikkje burde gi konkrete råd, men heller si «Dette funker for meg»…

Eg kom ikkje heim med #bikinikroppen2015 (og det er kanskje like greit når ein er på jobb 24/7/nesten365) så konklusjonen er at tipsene under her ikkje funka for meg. Så om du ikkje vil prøve tipsene mine, så kan du jo gjøre det motsatte. Kanskje du ender opp med #sommerkroppen2016 og #bikinifitness2017?!

611e454aa8ebae0da10b343d370ad867
Denne kom eg over hos min gode venn «google» då eg søkte etter eit obligatorisk «motivasjonsbilete» (for alle treningsblogger har det!). Oh, the irony lizzm…


1. «If you fail to plan, you plan to fail»

Mens enkelte ikkje ein gang klarer å hugse passet sitt når dei skal på lastebiltur ut av EU (*kremthostolavemilhosthosthark*) er det andre som hugser alt. Treningstøy for eksempel!

Med baggen full av treningstøy er det stor risiko for at kjem heim med baggen full av reine klær, men uten baggen full av treningstøy er det stor risiko for at du har atter ein unnskyldning til å ikkje trene!
DSC07135
Bare eit lite bevis på at treningstøyet mitt blei brukt!

2. Ta med deg svigermor!
Har du ei svigermor? Ta ho med på lastebiltur. Sjangsen er relativt stor for at svigermora di ikkje veit kva bulgarsk utfall og dips er. Er ho like kul som svigermora mi kan du bruke ventetiden på den ukrainske tollstasjonen til å lære svigermora di dips, samtidig som du får litt gratis trening på kjøpet!
DSC06375
Illustrasjonsbilete av svigermor som er superfornøyd og superkul i superlastebilen!

3. If you didn’t document it, it didn’t happend.
2015-04-04 00.26.46
Skritteller er ein fin måte å måle fysisk aktivitet. Eg anbefaler veiene (utafor motorveiene) i Polen, Slovakia og Tjekkia. Der får ein ekstra mykje skritt på relativt få kilometer med køyretur. Ganske praktisk å kunne «gå» over 15 000 skritt når alt ein gjør er å bevege seg ut av lastebilen for å gå på do og for å spise.

Det teller så lenge det er dokumentert, sant?

4. Drikk nok vann

Nå trur du sikkert at eg kjem med den klassiske talen om kor viktig det er å holde seg hydrert osv. Neida, drit i det.

Poenget her er kort og godt: Det som går inn må og komme ut som bringer meg videre til neste punkt…
DSC06778
Illustrasjonsbilete av Vodka/водка som visstnok betyr vann.

5.Tren når du kan!
IMG_20150329_173044
Du ser eit skittent toalett. Eg ser ein fantastisk mulighet for litt statisk beintrening!
(…Og som nevnt i forrige post: Drikk mykje vann, og du vil få denne fantastiske muligheten OFTE!)

Uten navn12345
Atter eit motivasjonsbilete: «Legday is everyday» og alt er lov, sjølv om eg fraråder falling på skittne dogulv! (Trykk på bilete for å komme til sida eg stjal det frå).

6. «Oppkarbing» er viktig!
IMG_20150329_141930
Pek på masse tilfeldige ting på ein meny med russiske bokstaver, og vips så har du ein heil haug med karbohydrater (dette bilete er frå den eine gangen eg var så heldig at noko av karbohydratene kom i form av grønnsaker).

Eg har lest at karbohydrater er viktig før trening. Eller var det etter trening? Ev valgte hvertfall å være på den sikre sida: Ei uke med karbohydrater, joggetur på ca 5 km, og så nokon dager til med karbohydrater. Det funka ikkje 100%, så neste gang vurderer eg å trappe litt ned på karbogydratene og litt opp på treningsmengden (men det er sjølvsagt viktig å ikkje bli overtrent!)

7. Finn ein olympisk løpebane!
IMG_20150403_001541
.
..for dei er jo overalt!

8. Meld fra om kvar du går:2015-04-04 00.25.18
«Eg går til venstre» sa eg til Olav Emil før eg forsvant frå den relativt shabby delen av byen til den delen som såg litt meir ok ut. Joggeturen gikk blandt anna på skogsveien og på ein sti der eg løp slalom mellom tomme spritflasker og slitne, forlatte klesplagg frå byens løse fugler. Lurer på om Olav Emil hadde klart å gjette seg frem til kvar han skulle leite om eg hadde forsvunnet her…

9. Dropp prokrastineringa!

Neida. Dette er ikkje eit punkt som står der bare fordi eg er stolt over at eg kan eit så vanskelig, avansert ord. Viste du at prokrastinering betyr utsettelsesadferd? Appropo utsettelsesadferd, her er eit bilete av meg som tar selfies istedenfor å trene:
IMG_20150402_105813
Funfact: Ca. 90% av selfiesene mine blir tatt i prokrastinerede tilstand!

10. Slå en god gammeldags floke!DSC07066…Gjerne med ein glad polakk!


Og siden Olav Emil etterlyste dagens spørsmål for to innlegg siden får han viljen sin denne gangen:

Har du ei kul svigermor? Har du trukket vodka i det siste? Liker du å ta knebøy over skittne toalett? Når ramla du sist på eit skittent badegulv? Slo du deg? Har du vært bevistløs? Veit du kor lenge du var bevistløs? Husker du kva som skjedde før du ramla? På ein skala frå ein til ti, der ein er ingenting og ti er det verste du kan tenke deg, kor vondt har du akkurat nå? Har du nokon allergier? Har du vært på sjukehus i utlandet dei siste 12 månedene? 

#jobbmodus #jaeggledermegtilågåavvakt

«…so much faster than you could say disaster…»

DSC02165

Ein eller annan gong for veldig lenge siden slutta antennene mine å vokse. Du veit, dei antennene som forteller deg kva tid du skal være flau eller ikkje. Av og til hadde dei sikkert vært praktiske, men av og til er eg veldig glad for at dei er så korte som dei er.

29 kg + 36 kg = 65 kg. Å gå tur i skogen med 65 kg (fordelt på to individer med ulik oppfatning av kva som er spennende og ikkje) er ein ny opplevelse for meg. Dei første 200 meterne såg eg for meg at eg aldri kom til å nå fjelltoppen eg hadde som mål for turen, men etter hvert så løsna det. Litt etter litt blei alt betre og fjelltoppen virka plutselig ikkje så uoppnåeleg likevel.

Men, plutselig står den der!
wowwe

65 kilo med pubertal, gal hund synes dette er noko av det artigste de har sett på lenge og i løpet av brøkdelen av eit sekund ligger matmor langflat og vondbroten foran fire forvirra ungdommer og ein liten hårdott.

Hadde antennene mine hatt rett lengde hadde eg sikkert gravd meg eit hull i bakken, men istedenfor fikk eg hjelp til å komme meg opp og videre. Klok av skade så klamra eg meg fast til eit tre då vi møtte på hund nr. 2. Og istedenfor å nyte utsikten på toppen fant eg ei grein å binde dei smårabiate hundane i mens eg studerte skadene mine og tenkte over kor flaut dette egentlig hadde vært om eg var ein person som brydde meg om denslags.

Ironisk nok finner spotify ut at det er eit passende tidspunkt å spele «Sometimes you can’t make it on your own» av U2 idet eg skal til å begynne på heimvegen. Takk for den, men sjølvinnsikten er det faktisk ingenting i veien med!

Litt skrubbsår, litt brannsår og det heftigste blåmerket på fleire år! Det er lenge til eg går tur aleine i skogen med 65 kg hund igjen.

This slideshow requires JavaScript.

Til slutt litt musikk, som eg egentlig hadde tenkt å poste i forrige innlegg. Denne er til Olav Emil som er på lastebiltur (sjølv om lastebilturen snart er ferdig):

Det er hull i min kalender, og min trailer har full tank
Eg ser ikkje bak meg lenger. Lever nå, og tenker fram
Kom kom kom an baby. Kom kom kom an
Eg skal regna på deg og ditt støv og din
sand

Har du og blå bein? Våkner du og av at den eine foten kjem borti den andre når du søv om natta? Har du tryna i det siste?

To skritt frem og eit tilbake…

I går var eg og verdas finaste men mest utolmodige hund på den første skogsturen på eit par månedar. Eit lite augeblink byrja eg nesten å lure på om ting går framover.

DSC00359DSC00377
DSC00383DSC00401

I dag derimot har eg atter ein gang konstantert at døgning er for tøffe 9.klassinger og raringar. Eg er ikkje ein tøff 9.klassing lengre (desverre… Og heldigvis!)

Takk Gud (eller kven enn som burde takkas) for koffeinpiller, kaffi, sminke, solbriller og folk med høg underholdningsverdi!

(Og ikkje takk for måkene som bæsja på meg! Eg synes faktisk ikkje eg fortjente det i dag! Men takk til Cecilie som vaska meg!)

DSC00476
DSC00484

No er det natt! Har du hatt ein bra dag?

Nyttårsforsetter

Tidligere har eg ikkje hatt nyttårsforsetter fordi eg har tenkt:
Uten navn1

…heilt til i fjor! I heile 2011 var eg på pepsi max-fylla nesten hver dag. 2012 var året eg skulle slutte å drikke pepsi max! Det gikk fint det, helt til:
pepsi max79 KRONER FOR 1000 BOKSER PEPSI MAX! KUN DENNE UKEN HOS DIN LOKALE COOP-BUTIKK! Så fra å være pepsimaxoman til å drikke en halvliter i uka var jeg plutselig på kjøret igjen (og det var coop sin feil)! Men nokon laster må ein ha i livet. Nokon har heroin mens andre har røyking. Eg har pepsi max!

I år derimot blir det ein heil haug med nyttårsforsetter for å ta igjen for alle dei andre åra, der eg bare har latt det være fordi eg trodde eg var bra nok fra før:

I 2013 skal eg:

1. Drikke masse pepsi max og nyte hver eineste lille/store flaske/boks/glass/osv! Pepsi max er livet lizzom… Og om ein plutselig får symptomer på at ein er avhengig har eg oppdaga at disse kan behandles med å drikke meir pepsi max! Problemer er til for å løses!

2. Ikkje produserer ein baby. Dette kommer kanskje som ein overaskelse på enkelte/alle, då eggstokkane og livmora mi har rasla ganske heftig i det siste. Men ein av dei siste dagane i 2012 oppdaga eg at babyer (stort sett, heldigvis) vokser opp og blir unger. Og unger spiller blokkfløyte! Så med mindre det kommer ein ny skolereform utan blokkfløyte eller eg plutselig får ein draum om å bli hjemmeundervisningslærer så blir det hverfall ikkje unger i år.

Uansett hvor flott (og harry) dei fremstiller det skal eg ikkje la meg lure: Ingen blokkflytespillende baby her i huset!

3. Ikkje få frikort! Eit nyttårsforsett eg allerede få timer inn i 2013 gav opp etter å ha regna ut kva migrenemedisiner koster. Ironisk nok fikk eg ikkje henta ut siste rest av medisiner (som hadde vært gratis i 2012) fordi eg hadde for vondt i hodet til å orke å kjøre på apoteket! Så nå må eg faktisk betale for medisiner! (Eg har egentlig nok av penger, så eg klager ikkje men når ei pille koster det samme som ein passe billig utepils så ville eg jo heller hatt ein utepils og to (eller 5) i måneden enn ein teit sjukdom eg aldri har hatt lyst på!) Om alle på høgresida hadde fått migrene (eller andre teite, kroniske sjukdommar) tror eg heile verda hadde blitt sosialistar – eit einaste stort «migrenemedisinspleiselag» der alle betalte skatt og var kjempeglade (når dei ikkje hadde vondt).

4. Passe inn i bunaden innen 17.mai fordi det er bedre med ein bunad på kroppen enn 10 i skapet!

5. Forsette å passe inn i bunaden etter 17.mai ut hele 2013, sjøl om eg ikkje skal bruke bunaden hver dag!

6. Gjøre ting som er så sunt at det nesten er usunt: springe 10km, kanskje springe ein halv-marathon og definitivt (!) klare 3000m på under 16 minutter.


Dette skal eg derimot ikkje gjøre! (…sjøl om eg i utgangspungtet har troa på naturlig utvalg).

7. Skrive morsom blogg utan tiss/bæsj/promp/kroppsvæske-humor! Bloggen min skal være supermorsom – og for dei over 4 og eit halvt år!

8. Bli vegetarianer minst ein mandag (men ikkje meir enn 2!)  Meir om «kjøttfri mandag» på Bergen Natur og Ungdom sin blogg her!

9. Lage ein «må-gjøre video» på bloggen fordi Marta sier at jeg må det (og av alle tingene Marta ramser opp at jeg burde gjøre er det dette som frister mest – faktisk mer enn glitter i nærleiken av kroppsdeler eg ikkje ein gang nevner namnet på, Justin Bieber synging og kroppsmodifikasjoner på Afrika-vis!

10. Ikkje skrive eit einaste blogginnlegg der eg nevner «50 shades of Grey» bortsett frå dette såklart.

11. Ha eit ryddig og flott hus og ikkje bare når vi får besøk!

12. YOLO lizzm! (Evt. Hakuna matata som var in på 90-tallet).

13. På eit eller anna tidspunkt skaffe meg eit liv utanom facebook. 

Og viktigst av alt: Bortsett frå «YOLO» og å rydde/vaske heile huset skal eg drite i heile denne lista frem til eg kjem heim frå Afrika 3.februar!

Har DU nokon nyttårsforsett? Tror du eg klarar alt dette? Saknar du noko på lista mi? Burde eg kanskje ha som nyttårsforsett å slutte å stille sånne irriterende «fiske etter kommentarer»fjortis-spørsmål på slutten av hvert innlegg? Kva burde eg blogge om når eg hverken skal skrive om bæsj eller «50 shades»?