Skulle bare klippe håret litt – Du gjettar ALDRI kva som skjedde…

Sponset innlegg (Woho!)

Det er 3. søndag i advent (allereie! Kvar blei tida av?) og det er atter ein gang på tide med eit aldri så liten innlegg i Lammelårtankers desemberutfordring. Utfordringa i dag er å arrangere ein «giveaway» som det så fint heiter og fortelje kvifor eg har valgt det eg har valgt.

Men før eg begynner vil eg dele ei historie frå oppveksten min. Ei historie om frykt og fobiar.

ultjn

Då eg var yngre (slutten av barneskulen) var det to ting eg var skikkelig redd for. Det eg var mest redd for var sprøyter. Kvar gong eg av ein eller annan grunn måtte ta ein blodprøve eller sprøyte var eit mareritt. På eit tidspunkt var det så ille at eg slo ned helsesøstera som prøvde å lure i meg ei sprøyte før eg var klar. «Du kan jo ikkje slå ned ei helsesøster» seier kanskje du, men jo, det kan eg faktisk. For det er ikkje greitt å stikke folk med sprøyter mot deres vilje. Sånn gjør man bare ikkje. Om folk skal stikke meg i dag, forteljer eg alltid denne historia først, i håp om at dei skal ta fobien min på alvor. Eg ler mens eg forteller den, men samtidig gjør det litt vondt. Eg har klart å bli blodgivar (og ikkje minst botox-mottakar), men eg er overtydd om at det er sånne ting som gjør at det har tatt meg over 10 år å komme meg gjennom sprøyteskrekkhelvete. Om eg skal sjå positivt på det i ettertid er eg sikker på at det har gjort meg til ein betre og meir sympatisk sprøytesetter.

Den andre tingen eg var ganske redd for har eg vært inne på ein gang tidlegare, då eg posta dette bildet i eit tidligere innlegg:
img154
Nei, det er ikkje eple eg er redd for…

Eg er litt usikker på når dette bildet ble tatt, men eg tipper ca 1999. Då eg gikk i 6.klasse på borneskulen hadde alle dei kule, populære kidza (eg var ikkje ein av dei) ei frisyre som muligens kan beskrivas som ein bob som var kortare bak enn forran. Håret var glatt forran, men bak blei det rufsa til med hårvoks slik at det såg ut som ein hadde pulesveis på den bakerste halvdelen av hodet.
(Kven i alle dager er det som kjem på alle dei syke motene?)

Eg var overtydd om at viss eg fikk den same, kule sveisen som alle dei kule folka så ville eg bli minst like kul (og ikkje minst populær). Frisøren vi brukte hang ikkje like mykje med på dei sjuke hårtrendane (noko eg i ettertid har full forståelse for) og sjølv om eg forklarte så godt ein 12-åring klarer, endte eg opp med superkort hår. Eg trur ikkje eg overdriver om eg sier at eg grein nesten eit døgn i strekk! Det var krise! Betre blei det ikkje når eg kom på skulen og fikk kallenavnet «gutten» av ein av gutane i klassen over meg. Eg trudde eg var stempla for livet, men heldigvis vokser håret ut igjen…

Etter disse tragiske hendingane seier det seg sjølv at eg fikk litt «trust issues» både når det kom til helsesøstre og frisører. Av den grunn har aldri vært ein av dei som har nytta tilbodet om gratis helsestasjon for ungdom veldig mykje, og eg har ein teori om at den stygge hårsveisen har vært med på å forebygge at eg ikkje endte opp med bloggen «Lina Kristine – 13 år og åleinemor». Det var hvertfall ikkje helsesørstera som gjorde den jobben. Skjebnen ass…

534640_10151914745665128_994375120_n.jpg
Hadde ikkje dette gjort seg i introen til unge mødre? (Eg forstår ikkje kvifor eg ikkje var ein av dei «kule», eg var jo dødskul!!!)

Sprøyteskrekken måtte eg (dessverre) jobbe med, men det tok lang tid før eg satt meg i frisørstolen igjen. Før eg gifta meg i 2010 trur eg ikkje eg var til frisøren meir enn eit par ganger. (Eg innser no at Olav Emil antaglegvis ikkje ville gifta seg med meg om han hadde sett førre bilete litt før…)

Etter eit tiår som min eigen frisør med papirsaks og billeg hårfarge frå H&M ramla heldigvis Cecilie inn i livet mitt. Cecilie var lærling og trengte nokon å øve seg på. Tilfeldighetene ville ha det til at eg hadde tom lommebok og metervis med slitt hår ho kunne øve seg på. Dessutan var det på tide å begynne å jobbe med frisørskrekken…

DSC00484

Folk har forskjellig forhold til hår: Nokon bryr seg. Andre bryr seg ikkje. Eg bryr meg ikkje så veldig mykje, men eg er, av naturlege årsaker redd for å bli maltraktert når eg går til frisøren. Det har trass alt skjedd før…

Det eg vil frem til er at sjølv om du er ein sånn som ikkje bryr deg, så fortjener du å ha ei Cecilie i livet ditt. Nokon som er redd for å klippe for mykje (!), nokon som høyrer på kva du vil, nokon som tørr å si «Kva i alle dager er det du har gjort med håret ditt» eller som har baller nok til å si «NEI» når du får innfall som «kanskje det hadde vært kjekt med dreads igjen». Dessutan er det veldig praktisk at nokon «blir kjent» med håret ditt om du har sånn rart hår som meg, som plutselig bestemmer seg for å bli grønt mellom kvart frisørbesøk.

Det har gått fleire år siden Cecilie og eg traff kvarandre for første gang. På åra som har gått har ho ikkje bare blitt ein av dei flinkaste frisørane i verda og starta eigen salong;
Cecilie har rett og slett kurrert frisørskrekken min!

20161210_042608
Det går jo ikkje ann å være redd for søte Cecilie…

…Og så var det denne giveaway’en da, som var det eg eigentleg skulle skrive om i dag. Oppgåva var å gi bort noko og skrive kvifor ein har valgt det ein har valgt. I dag gir eg bort ein aldri så lita pakke med superpraktiske hårprodukter frå bedhead i reisestørrelse, sponsa av CT Hårstudio, frisørsalongen til verdas beste Cecilie! Om du bur i Hordaland får du og med eit par gavekort som du kan bruke på behandling i januar og februar. (Om vinnaren ikkje bur i Hordaland tar eg meg fridommen til å trekke ein eigen vinner av gavekorta, slik at nokon som kan bruke dei kan få gleden av dei).

Eg har lenge drømt om å poste eit sponsa innlegg og i mine auger er dette eit veldig viktig skritt på vegen mot å bli ein ekte toppblogger. Lammelårtanker skreiv nylig eit (veldig fint) innlegg der ho antyder at sponsa giveaway’er er teit (veldig fritt tolka!) men eg trur at dette er vegen å gå om eg skal bli den neste Sophie Elise! Bloggstrategien min er nemeleg å skrive om ting eg liker og ting eg synes er viktig, gjøre masse rosablogg-greier som gjør at eg plutseleg er kjendis for så å forsette å være fornuftig og skrive om viktige ting slik at ein redder verda med å nå ut til alle som bare sitter og leser rosablogger mens dei heller burde redde verda… Prosessen med å redde verda starter altså med at eg skriver dette sponsa innlegget om kor flink frisøren min er og kor snill ho er som vil gi dykk ein aldri så liten førjulsgåve…

Så kva må du gjøre om du har lyst å bli den heldige som kanskje får ein aldri så liten førjulshelsing i posten? Vi gjør det enkelt:

Legg igjen ein kommentar (eller 10) i kommentarfeltet. Du kan fortelje meg om du gleder deg til jul. Du kan be om sprøyte- eller frisørskrekktips. Du kan fortelje meg kva du vil at eg skal blogge om når eg er ferdig med denne desemberutfordringa. Du kan fortelje meg at eg ikkje er den eineste som sliter med grønt hår… Eller du kan bare si hei… Og forresten: Eg lurer på om eg har nokon døve lesere. Er du døv?
Du kan legge inn så mange kommentarar du gidder. Ein kommentar er eit «lodd». Det viktigste er at du legger igjen mailadressa di, sånn at eg får tak i deg om du er den heldige vinneren. (Det er bare eg som kan sjå adressa, og eg har ikkje tenkt å selje den til nigerianske svindlere).

15397870_1064877916955627_2029518567_o

Eg trekker ein heldig vinner neste fredag, så slå deg laus i kommentarfeltet før det.

 

27 thoughts on “Skulle bare klippe håret litt – Du gjettar ALDRI kva som skjedde…

  1. Alltid like kjekt å lese det du skriver 😄 Syns du er utrulig flink 😄😘 eg hadde ein periode sånn «pulesveis» bak i begynnelsen av videregående 😂 Langt framme og super kort bak

  2. Du e super flink så har komt over skrekken din 😉👍 har traumer frå frisør besøk og storesøster med kjøkken saks 😱😱
    Heldigvis funne ei kjekke frisør dama nå så passe godt på både meg og håret mitt 😍

    • Takk ❤ Hahaha, eg leste «helsesøster med saks». Der hadde vært drøyt! Då hadde helsesøstera di vært verre enn min 😂 Så bra 😊 Frisør er digg! Godt at nokon klarer å passe på ❤

  3. Eg gler meg til jul.

    Har du sprøyte- eller frisørskrekktips?

    Eg vil at du skal blogge om andre ting når du er ferdig med denne desemberutfordringa.

    Du er ikkje den einaste som slit med grønt hår. (men ikkje bruk meg som kjelde om nokon skulle seie at du tek feil!)

    Hei.

    Eg er ikkje døv.

    Får eg masse fænsi hårprodukt no? WOHO!

    • Du er rar. Normalt ville eg sakt at det var lurt å bestille seg ein frisørtime og blitt blodgivar og bett deg prøve å tenke rasjonelle sjølv om det ikkje er lett, men vi veit alle at det ikkje kjem til å funke for deg av forskjellige årsaker. Takk, det var planen. Woho! Hei! Eg veit det! Kanskje, hadde du blitt glad då?

  4. Kommenterer ikke for å vinne (er om mulig enda «verre» enn deg og bruker ikke hårprodukter eller går til frisør), så dette er bare for å si at jeg lo og lo og lo av dette innlegget. Du er helt skjønn! Og plutselig trur jeg at jeg veit hvem du er gift med, i alle fall om dere har en berner som heter Laffen. 🙂

  5. Haha 😂
    Eg er nesten gla for at den verste frisøren eg har vore borti er meg sjølv, dagen før bildetaking i barnehagen, slil at eg slepp den skrekken iallefall 😄

    • Vi har vel alle vært der?! 😛 Eg hadde ein sånn episode ca samtidig. Mamma var ikkje nøgd 🙂

      Fordelen med å klippe seg sjølv er at det hvertfall er gratis å være misfornøyd 🙂

  6. Jeg har nektet å klippe meg i noen år nå (ok, ei venninne får stusse det av og til når nødvendig). Lurer på hvor langt håret kommer til å bli, egentlig 😉

  7. Hei jeg har frislrskrekk oh hat ikke klippet meg på 7 år. Er livredd fordi jeg hadde hår til rumpa oh fortalte. At jeg bare ville klippe en cm m. Jeg ente opp med Bob og gråt i 2 dager. Jeg ble mobba og har hat angst siden det. Har du. Noen tips ??

    • Huff! Det høyres ut som ein kjip opplevelse! Eg kjenner igjen følelsen (til ein viss grad), sjølv om det var elendig kommunikasjon som var mitt problem.
      Du har kanskje nokon du kjenner som har ein god frisør dei kan anbefale? Det ville hvertfall eg gjort. Og når du først finner nokon som høyrer på deg og forstår deg, så får du tviholde på den frisøren, slik at du slipper å grue deg til neste gang ❤
      Lykke til 🙂

Legg att svar til Lina Kristine Avbryt svar