Takk for alt 2017

24.desember gjorde snapchat tilbakeblikket på 2017 tilgjengelig for posting på mystory. Det skulle kanskje være ei julegåve, men filmen fulle av bilder av sutring, grining og negativitet (og masse hunder ❤ ) frista det ikkje akkurat å dele. Eg var så pinleg berørt at ikkje ein gong Olav Emil fikk sjå bileta frå 2017 snapchat meinte eg skulle dele med alle mine følgere. Etter å ha sett gjennom filmen 3-4 ganger spurte eg meg sjølv:

«Er eg verkeleg så negativ?»
«Er eg verkeleg så nevrotisk?»
«Er livet mitt sååå kjipt?»

IMG_20171231_214304

Eit par dager seinere kom svaret og oppturen på instagram; Ein stor andel av dei eg føljer på instagram delte dei 9 mest likte bileta frå 2017 på instagram. På sjølvaste nyttårsafta, på ei ferje på Vestlandet kvelte eg litt dødtid med å sjå kva bilete som hadde hatt mest suksess av dei 105 bileta eg sjølv har delt i løpet av året som gikk.

I løpet av 2017 har eg blant anna…
-…trassa søvnmangel, kvalme og migreneanfall og deltatt på 5km på Bergen City Maraton.
-…delt kor stolt eg er av kva eg har klart dei siste åra til trass for at resultatet på løpet var dårligere enn dei fleste treningsøkter eg har hatt i 2017.
-…feira jul på jobb med ein finfin makker. Og til trass for masse sympati og medkjensle frå alle som var heime i jula har eg faktisk kosa meg på jobb (både i jula og ellers) og klart å sette pris på at eg i omtrent heile 2017 har vært frisk nok til å gå på jobb. Måtte det forsette for alltid!
-…ligget på taket av ein bil i opptil fleire land i Afrika saman med den finaste, bestaste mannen i heile verda. #Goals liksom…
-…klatra bittelitt. Håper på meir av dette i 2018!
-… relativt spontant jevna huset vårt med jorda (med ein solid dose egeninnsats) og begynt bygginga av nytt hus.
-…foreviga verdas lykkeligste hund som har vært åleine heime med plast-bosset.
-…delt ein hyllest til verdas beste mamma på bursdagen. (Om ho ikkje såg den då, så får ho kanskje sett den no).
-…tatt selfies på bassengkanten, under palmene med superfine IH.

linakristinetv_full-1
(I tillegg til det føler eg at det er verdt å nevne at eg heilt heilt spontant blei veggis i mars, og er nøgd med det og at eg ikkje kom på sisteplass på halvmaraton på Knarvikmila! Hurra! Dessutan har eg nesten slutta å drikke kaffi og pepsi max… Kven skulle trudd?!)

Som så mange andre år har 2017 vært ein aldri så liten berg- og dalbane; heldigvis med minst like mange oppturer som nedturer.

Måtte 2018 bli enda betre!

Takk til alle som har gjort 2017 så bra som det har vært!
(Og ein enda større takk til alle som har høyrd på sutringa mi når livet har vært kjipt! Eg er så heldig som har dere!)

Har du forresten lagt merke til at eg bare skreiv eit blogginnlegg i 2017? Kanskje 2018 blir året eg slår igjennom? (Eg skal hvertfall klare å doble antall innlegg i 2018, i forhold til 2017! Lover!) Var 2017 snill med deg? Kva er dine planer for 2018?

1 thought on “Takk for alt 2017

  1. Du er flink.

    Eg gler meg til det andre 2018-innlegget 😀 . Om du held fram med ei slik auke, har du tre innlegg for dagen om ti år. Firekantzuperbloggargoallimxz!

    2018 har vore greitt. Fekk jo køyre til Hammerfest 😀 . I 2018 skal eg bu i eit nytt og perfekt hus, og forhåpentlegvis køyre til Hammerfest ein gong til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s