«Turistgreier», pyramider, rare dyr og litt andre greier…

(Null overskriftsinnspirasjon, sorry!)

På tirsdag satt vi oss som mål å oppleve «turistgreier». Det vil eg i aller høyeste grad si at vi fikk til. Åshild vekka meg litt etter klokka 9 og meinte at eg hadde sovet nok (det hadde eg kanskje, så Åshild er tilgitt).  20151026_152952_Richtone(HDR)
Illustrasjonsbilete av ein av turistgreiene og ein turist som tar bilete av han. Om du tilfeldigvis veit kva han heiter, så legg gjerne igjen ein melding i kommentarfeltet.

Sist vi var i Mexico tok vi turen til dei verdensberømte pyramidene (som eg sjølvsakt ikkje hugser namnet på). Ein fantastisk tur til stillheten utanfor storbyen:
DSC07163
Ein aldri så liten «throwback» (siden det er så in for tiden) til ein fantastisk tur i 2013.

Også denne gongen har vi kjent på behovet for å komme oss vekk frå maset i storbyen. Siden pyramider var ein stor suksess sist gong tok vi sjangsen på ein ny pyramidetur. Denne gongen til ein mykje mindre pyramide i Tepoztlan (ifølge bussbiletten min).

20151026_153007_Richtone(HDR)
Denne einslige pyramiden var ingeting samanlikna med pyramidene vi opplevde sist, men utsikten og turen opp var fin.

20151026_162442_Richtone(HDR)
For å komme opp måtte vi gå eit godt stykke. Turen i seg sjølv minna veldig om ein litt lengre og meir eksotisk versjon av Stoltzekleiven i Bergen.

20151026_154641_Richtone(HDR)
Planen med stillhet utanfor storbyen blei til tider forstyrra av ein mann som gikk tur med konkylien sin (!) og barbeinte hippier som spillte rar musikk. Heldigvis fikk vi litt av den etterlengta roen innimellom.

Etter ein passe lang og var fjelltur i høg luftfuktighet var det på tide med ein velfortjent middag. Då vi var i Mexico i 2013 blei eg av ein lokal anbefalt å prøve ein rett som heit «chile en nougada» dersom eg kom over den. Denne «innfødte» hadde store problemer med å forklare meg kva retten var, så spenninga var stor når dette kom på bordet:
20151026_173731
Fargene i retten skal ifølge min gode venn wikipedia illustrere fargene i det meksikanske flagget. Siden menyen ikkje sa noko om kva retten inneholdt måtte eg prøve å gjette meg frem. Smaken fortalte meg at det eg hadde på bodet forran meg kunne være godt kryddra kjøttdeig og tropiske frukter blanda saman, pakka inn i blader med ein (kald) milkshake på toppen etterfulgt av granateple og eit grønt blad. Ifølge wikipedia hadde eg nesten rett. Det som kunne vært ein rar milkshake viste seg å være ein rar, kald, søt nøttesaus. Omnomnom! Har eg nevnt før at meksikanere har rare matvaner?

20151026_171606_Richtone(HDR)
Den søte lille byen hadde og superfin, søt gatekunst som fikk meg til å lengte heim bittelitt (til Laffen og Lupus).


I går hadde vi atter ein dag på vakt. Vi hadde ein spesiell og innholdsrik dag som eg velger å ikkje skrive så mykje om. Det blir stadig tydligere kor store forskjellene er mellom ambulansetenesta i storbyen Mexico City og bittelille bygde-Noreg er på alle mulige måter. Inntrykka er mange, men eg kjenner at eg setter stor pris på denne utrolig lærerike opplevelsen!


20151028_142918

I dag har det regna, så vi bestemte oss for å bruke dagen til noko fornuftig (les:shopping). Og siden eg ikkje lenger er ein klassisk fjortiz-blogger skal eg spare dykk for maset om kor sjuuuukt fornøgd eg er med nye joggesko! (Vedder ein tier på at mamma rister oppgitt på hodet no).


Dagens spørsmål (siden det bor ein liten fjortisblogger langt inni meg):
Veit du kva merkedag det er i Mexico 28.oktoer som får masse meksikanere til å bære med seg blomster og Jesus-statuer på metroen? Har du kjøpt deg nye joggesko i det siste?
Og veit du kva dette dyret heiter?
20151026_153727_Richtone(HDR)

(Ps. Eg drassa med meg spreglreflekskameraet ein heil dag, for å komme til toppen av eit fjell å finne ut at det var tomt for straum. Derfor dårlege mobilbilder. Eg lover å ta meg saman!)

Advertisements

2 thoughts on “«Turistgreier», pyramider, rare dyr og litt andre greier…

  1. Nei. Nei. Nei, men han likna litt på Lupus!

    Chile en noguada såg interessant ut. Kake i blomkålsuppe med granateplestrøssel? Var det godt?

    • Då kan vi gjøre det enkelt og kalle han Lupus, men eg lurer fremleis på kva rase han er! Neppe berner sennen!

      Vi har funnet ut at det var st.Judas sin dag i går. Så det var kanskje Judas som ble båret rundt på metroen.

      Maten var ok. Ikkje dritgod men heller ikkje dritdårlig. Spesiell er kanskje ordet. Eg har smakt det ein gang. Det er neppe noko eg bestiller igjen (avhengig av alternativene).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s