Livstegn…

Dagene flyr av sted. Siden sist har vi hatt ein jobbedag og to fridager. På onsdag hadde vi fri. Dagen ble brukt til å blandt anna treffe igjen vår gode venn Oscar som vi ble godt kjent med sist.
20151020_211148
Å drikke kakao er vist en meksikansk greie. Så da drakk vi kakao. Maten på bildet er og ein meksikansk greie: Noko kjempesøtt, rulla i sukker. Bestiller du ein kopp kakao får du med 4 slike. Relativt storspiste meg klarte ein og ein halv før eg var stappmett og småkvalm. Er det fremleis nokon som lurer på kvifor meksikanere er feite?

I går hadde vi atter ein jobbedag. Og igjen endte vi opp aleine. To jenter som snakker nesten «nada» spansk og ein sjåfør. Etter den første dagen la eg ut eit bilde på instagram der eg spiser eple i sjukekupeen på ambulansen og tuller med at det er det det farligste eg har gjort den dagen (spising saman med alle dei skumle bakteriene). Eg trekker det tilbake: Utrykkningskøyring i Mexico City slår det meste.

20151021_083046
Mykje knapper og mykje lyd (og lys). I Noreg har vi ein blålysknapp og ein sireneknapp. Sireneknappen har heile to instillinger. På bildet ser du panelet som styrer blandt anna lys og lyd på ambulansen vi satt på med. Den grå delen er den som styrer sirenen. Om trafikken ikkje flytter seg er mulighetene mange!

Å sitte på med ein sjåfør som sitter med radioen i den eine hånda og den andre handa på siereneknappen er fasinerende. Og litt skremmende. Eit håndledd på rattet, mens vi suser rundt i høye hastigheter i ein by med ein tilsynelatende kaotisk trafikk.

I Noreg får alle ambulanseturer ein hastegrad. Vanlig, haster eller akutt. Det er på akutturene ein bruker blålys og sirener. I Mexico eksisterer ikkje hastegrader (etter det vi har fått med oss). Blålys blir stort sett altid brukt så lenge bilen køyrer og sirenene blir brukt så lenge ein skal ut til pasient eller har pasient i bilen. Vi hadde 3 oppdrag også denne dagen. Ei av turene var forflyttning av ein stabil pasient frå eit sjukehus til eit anna. I Noreg hadde denne turen fått «vanlig» hastegrad (altså noko som ikkje haster). Likevel gikk sirenene kontinuerlig.

I dag har vi hatt oss atter ein «velfortjent» fridag. Den er blitt brukt til det fridager skal brukes til: Spising, joggetur og shopping.

Vaska klær har vi og gjort. Sånn ser det ut:
20151022_151518

Hostellivet azz…

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s