Julegåvetips for når livet er kjipt

Det blir ikkje skikkeleg jul utan at bloggarane poster julegåvetips og sprer sponsa, kapitalistisk propaganda på internettet. Og som bloggaren eg er kan jo ikkje være noko verre…

For 3 år sidan var eg med på ei bloggutfordring der eg blant anna skreiv eit innlegg med julegåvetips til folk i forskjellige aldersgrupper. Den gongen var det brettspel det gjekk i. I år er livet i seg sjølv utfordrande nok til at eg ikkje har sett meg om etter ei ny bloggutfordring. Så her er istadenfor eit innlegg med eit par julegåver som kan kjøpast både av og til folk som synes at livet og jula er litt kjip…

(Spoiler alert: Om du synes livet og jula er bittelitt kjipt og du står på lista over folk eg kjøper julegåve til er det stor fare for at du finn julegåva di i dette innlegget, så vidare lesing på eiget ansvar.)

Julegåve til den litt vulgære som synes at livet er litt hardt: 
IMG_20191018_203058_579
Er livet hardt? Kva passer vel betre enn eit visdomsord frå vagpwrDenne t-skjorta har i løpet av kort tid blitt yndlings t-skjorta mi, og har til no vært med både på IKEA og NAV-møter (sorry mamma).

Den finnes i både hettegenser, genser og t-skjorte i forskjellige fargar. (Og om du liker fitter betre enn kuk, så finner du massevis av dei og i nettbutikken). T-skjorta mi er som alt anna i dette innlegget betalt av egen lomme, og pengane går til ei lita bedrift starta av ei ung kvinne i Bergens-området.

Finnes det noko betre enn å kunne handle lokalt på internett? Eg likar vertfall tanken på å få unnagjort deler av julehandelen samstundes som eg støtter unge, lokale, kvinnelege grundere og slepper å høyre på julemusikk.

Julegåve til den som synes at «Det er litt mye akkurat nå»:
IMG_20191211_020508_986
Det er ikkje sikkert at livet er SÅ hardt som t-skjorta mi vil ha det til…
Kanskje det bare «er litt mye akkurat nå»?
Heile 85% av Pryd broderings instagramfølgere synes at «Det er litt nye akkurat nå» og sjansen er stor for at du har nokon på julegåvelista di som kjenner på nettopp det.

Dette jakkemerket er laga av Line som er forbilde, miljøvernar, veganer og supermamma til både Pryd Brodering, kvalitetskontrolløren Ea og adoptivhunden Mira som har like mange følgere på Instagram som det bur folk på Bryne.

På nettsidene til Pryd Brodering finn du både bruktklede og jakkemerker som kan nyttas til både å spreie det glade bodskap (om til dømes klima, kjærleik og nei til rasisme) og å gi nytt liv til gamle og kanskje holete klede. Det er litt nye akkurat no, men eg gleder meg til eg finn strykejernet i flyttelasset og skal live opp den kjedelege, grå genseren min med denne fine lappen.

Om du MÅ ha varene i postkassen før jul bør du bestille innan 12.desember klokka 16, men ein verdig mottakar av dette merket har nok forståing for at ein ikkje alltid kan ha alt klart til jul.

Julegåve til den tørste og sarkastiske:
IMG_20191211_013159
Eg har ikkje peiling på raudvin, men ifølge vinmonopolet gir denne vinen «saftig munnfølelse med god friskhet og moderat fasthet.» Eg aner ikkje kva det betyr, men eg likte etiketten så godt at eg for første gang har spurt betjeninga på vinmonopolet om «Har du denne i ei anna farge?»

Dei hadde den dessverre ikkje i andre fargar enn raud, men dei hadde den utan «God jul, da!», så om du har ein ven som av ei eller anna grunn ikkje feirar jul, men likevel drikker raudvin, finnes det eit julefritt alternativ. (I disse dagar der det er populært å la seg krenke av folk som av forskjellige årsaker ikkje feirar jul).

For dei som ikkje følger med på kva emneknaggar som er trendy for tida, så står «NKVO» for «Nå koser vi oss», som er nettopp det alle skal gjere i jula, entan dei vil det eller ei.

Denne kan nytes både på fest eller drikkes åleine, mens du griner og høyrer på Maria Mena. Eg anbefaler folk som er så heldige å feire jul med barn til å spare denne til eit anna selskap.


Er livet hardt? Er det litt mykje akkurat no? Er du ferdig med julehandelen? Kva ønsker du deg til jul? Koser vi oss, eller? (Svar gjerne i kommentarfeltet om du gidder, eller ikkje…)

img323

God jul, da!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s