Kjære googler (Del 1: Angst edition)

Å blogge på wordpress-plattformen er ganske flott (sjølv om eg ikkje gjør det så ofte for tida). Til ein kvar tid har eg oversikt over kvar mange som besøker bloggen min, kvar i verda dei befinner seg og korleis dei kjem seg inn hit. Relativt mange kjem hit av eiga fri vilje (altså ved å skrive vevlogg-adressa inn i adressefeltet) eller via facebook, mens ein relativt liten del av alle som kjem på besøk kjem via søkeplattformen eg nå skal vie litt meir oppmerksomheit: Google!
kart
Kart som viser kvar i verda leserene mine er.

Vi går alle gjennom perioder i livet der vi lurer på noko, og da kan google være ein god venn i nøden. Nokon lurer på kva juleønske er på tysk mens andre vil vite meir om kor hard ein hai kan bite. Ein liten andel andel av alle som lurar på ting og bruker google for å finne svar på dei store spørsmåla i livet havner på min blogg, og sidan wordpress er så fantastisk gir dei meg ei liste over kva folk lurar på.

Siden mitt kall her i livet er å hjelpe folk og sidan eg for tida er sjuk og ikkje får gjort så mykje av nettopp det tenkte eg at dette var eit fint tidspunkt å starta spalta «Kjære googlar». Her skal eg etter beste evne prøve å hjelpe alle som nokon gong har kommet seg inn på vevloggen min via google.

Lista over kva folk har googla er lang, så for at ting ikkje skal bli altfor kaotisk skal eg prøve å kategorisere litt. Eg har merka meg at ein andel av leserene mine sliter med diverse ting dei er redd for, og sidan det er kjipt å være redd skal eg prøve å hjelpe alle reddharane der ute først:

«vist du er redd sykdom kan du få gul bæsje»
Eg må innrømme at min kunnskap om dette er relativt begrensa blant anna fordi:
1.Eg er ikkje redd for sjukdom.
2.Eg er jente. Altså: eg bæsjer ikkje!
Men eg har gjort litt research og funnene mine viser at du kan få gul bæsj blandt anna av høyt inntak av morsmelk. Og ifølge min gode venn lommelegen er det heilt normalt at bæsj varierer i farge, men om du har gul bæsj over lengre tid bør du kontakte legen din (da har du kanskje god grunn til å være redd for sjukdom?)
1269523746292_422
Dette bildet kjem øverst om ein googler «Gul avføring». Om du er redd for sjukdom/har gul bæsj kan du trykke på biletet og komme inn på ein flott artikkel VG har skrevet om kva dei forskjellige bæsjetypene betyr.

«gode ting for å vere redd for»/«ting man bør være redd for»
Det er lurt å være redd for ting man kan dø av. Om man ikkje er redd for ting ein kan dø av blir ein fort eit offer av naturlig utvalg.

«redd for danskebåten»
Danskebåten er ein fasinerende plass (som eg skal skrive meir om ved ein seinare anledning: Det er mange som lurer på ting om danskebåten). Gunnene til å være redd for danskebåten kan være mange.
1. Danskebåten er ein båt. Båter kan synke. Om danskebåten skulle finne på å synke er det ein viss risiko for å døy, og det er ikkje særlig koslig. Folk flest vil jo ikkje dø. Danskebåten har ikkje sunket i det siste, så vi får håpe det forsetter sånn.
2. Danskebåten er ein båt med ein høy andel av rare folk. Mange synes at danskebåten er ein flott måte å komme seg frå A til B samtidig som ein ikler seg hawaiskjorter og danser natta lang.  Nokon blir til og med så fulle at dei kjem inn i resturanten og lurar på om det var her rommet deres var. Med andre ord: God grunn til å bli engstelig. Harryfaktoren er høy og det samme er alkoholinntaket hos enkelte. God grunn til å rømme… nei, vent! Båt! Æsj!
3. Om du har parkeringsangst og køyrer lastebil ville eg vært ekstra redd for danskebåten. Men her kan eg nok ikkje komme med nokon gode tips, men kanskje mannen min har nokon.
4.Danskebåten har enkeltsenger. Ganske trist om ein er redd for å sove aleine (eller redd for å sove trangt). Eigentlig ganske trist uansett…
5. Inga internettdekning!

Tips til deg som er redd for å reise med danskebåten (hvis du vil trosse frykten din):
Bestill lugar sånn at du kan stikke av frå all galskapen! Båten er og full av billeg alkohol som kan hjelpe deg med å roe nervane. Ta evt. med ded noko oppblåsbart hvis det blir så ille at du må komme deg bort.
IMAG4412
Hvis du ikkje vil roe nervane med alkohol hjelper det å ha nokon som koser på deg. Her er klein danskebåtsengekos foreviga.

«redd for å reise»
Å leve er farleg, ein kan døy av det! Reising kan vel være farlig det og men statistikken sier klart og tydeleg at dei fleste ulykker skjer i eller i nærleiken av heimen. Med andre ord er det ingen grunn til å sitte heime. Kom deg ut og reis! Så lenge ein tar forhåndsregler og holder seg unna stader som til dømes regnskogen i Kongo bør det gå fint.

DSC01584 IMAG5027 IMAG4759-1

Her er eit par innlegg som går litt nærare inn på kva ein bør forberede seg på og være redd for på diverse turer:

I tilegg har eg innleget «Tingene man burde vært redd for på bilferie i Botswana/Sørafrika/Namibia/Swaziland/Mosambikk» liggende i arkivet mitt. Det kjem kanskje (eller kanskje ikkje). Vurderte og å lage eit tilsvarende innlegg om Amastedam, men det eineste ein trenger å være redd for der er galne syklister og sår rumpe, så da er det kanskje litt overflødig.

Eg avslutter med bilete av ein redd pusekatt:

090920112031

(Innlegget er skrevet klokka 5 om natta i heftig pencillin-rus så eg fråskriver meg alt ansvar for den elendige nynorsken… som vanleg!)

6 thoughts on “Kjære googler (Del 1: Angst edition)

  1. Kjære Lina Kristine. Du skriver godt og mrsmt i sær i rus, tror jeg. Velkommen i pennicillinklubben. Alfor mye flått, sjøl i hagen min og de er noen luringer til å leke gjemsel. Danskebåtfrykt er overvurdert. Du kan kjøpe deg bedre lugar, men det koster å være dame. Englandsbåten oppunder jul derimot, gjennom vinterstormene i Nordsjøen. Det var båt som fikk vaska seg. Savner den og håper den kommer i drift igjen. Jeg liker alt som går langsomt som båt og tog. Der er det færrest ulykker. Liker IKKE ulykker.
    Ellers ser jo dine reiser ut til å være av den mer dramatiske sorten, er det ikke noe å skrive om, vips, så har Lina Kristine havnet i uløkka med ekte» Live»drama.
    Til slutt: livet er farlig, en dør alltid av det. Måtte dine ulykker bli få og ditt liv langt,strødd med roser uten torner.

    • Greit, eg innrømme at det var bittelitt cosylanrus inni der og. Men bare litt! Ja, flåtten er nokon luringer! Går ikkje ein dag utan flottfjerning på katten her!
      Har dei dobbeltsenger på dei bedre lugarene? Og er det vanlig gulv eller vegg til vegg-teppe? Om det ikkje er vanlig gulv og dobbeltsenger er det ikkje verdt det! Spesiellt ikkje på veldedig-organisasjonsbudsjett med når ein bare skal ha ei seng å sove i heile natta. Nei, vi får heller ta ein tur med hurtigruta ein vinter tror eg 🙂
      Tror ikkje reisene vår har vært så veeeldig mykje meir dramatisk enn andre folk sine turer, men eg er flink til å dokumentere alt blodet 🙂
      Takk, flotte Elise! Venter forresten bare på å bli frisk, så blir det nok Haugesundstur på meg ganske snart! Håper vi sees da! Eg har fremdeles julepresang til Serina her *flaut*

  2. Woho. Eg gler meg til “Tingene man burde vært redd for på bilferie i Botswana/Sørafrika/Namibia/Swaziland/Mosambikk»-innlegget 😀 . Du er flink!

Kommenter innlegget