I ein ambulanse i Mexico… (Del 1)

Den som venter på noko godt ventar av og til forgjeves. Men ikkje denne gongen! Her kjem endeleg blogginnlegga om ambulansehospiteringa i Mexico City som eg veit mange har venta på!

Her er oppsummeringa av 7 lange dagar og eit døgn med hospitering i ein av verdas største og farlegaste byar (og litt av den lange vegen for å kome dit). Inntrykka er sjølvsagt mange, så for at dette ikkje skal bli verdas lengste blogginnlegg så deler eg det opp i tre eller fire delar. Det blir posta eit innlegg kvar kveld klokka 19.00, så då har dykk noko å sjå fram til dei neste dagane.

Og om nokon har spørsmål eller innspel, så slå dykk laus i kommentarfeltet! Eg skal svare så godt eg kan!

IMAG7108 IMAG7106


Førsteinntrykket av meksikansk redningsteneste fikk vi allereie i Acapulco, der vi var i 2 veker, mesteparten av tida fanga på grunn av tragiske naturkatastrofer. Sjølve naturkatastrofa såg vi lite til, men vi fekk likevel oppleve litt action. Straumen på hotellet kom og gjekk som det passa han. Ein vakker kveld då eg og Åshild såg film på hotellrommet og straumen gjekk observerte eg blålys utanfor hotellvindauget.

2013-09-15 07.27.53

…Og blålysa forsvann aldri. Nysgjerrige som vi var tok vi turen ut på terassen for å observere «Bomberos» (brannvesen), «Ambulancia» og «Policia» utanfor. Utolmodige som vi var (les: svoltne på litt spenning) tok vi turen ut for å verte vitne til politi og brannvesen i skjønn foreining i eit røykfylt rom, medan ambulansen stod utanfor og venta. Historia fekk heldigvis ein lukkeleg slutt: Den brennande madrassen vart boren ut og slukka og ingen vart køyrd til sjukehus med røykskadar.

IMAG6918Oversatt til norske forhold, for dei som ikkje har peiling på korleis ting eigentleg fungerar (i Noreg): Om ein madrass hadde teke fyr på eit hotell er det særs sannsynleg at brannalarmen hadde gått på eit eller anna tidspunkt (det gjorde han ikkje i dette høvet). Og om brannalarmen hadde gått hadde det vore særs sannsynleg at hotellet hadde vorte evakuert (det skjedde heller aldri). Etter ei lita stund hadde brannfolk, ambulanse og politi kome fram til staden. Brannfolka hadde hatt på seg naudsynt verneutstyr og gått inn og slukka brannen, ambulansefolk hadde tatt seg av eventuelle skadde og politiet hadde tatt seg av organiseringa av skadestaden. Om nokon mot formodning hadde gjort det på den meksikanske måten og sprunge inn i det brennande hotellet utan verneutstyr så hadde nok den norske legen / ambulansen innsistert på at alle måtte på sjukehus til observasjon. Men sidan det ikkje var nokon norsk ambulanse der, reise alle frå staden med tung pust og svarte lunger…

6768325
Siste kveld i vakre, men farlege Acapulco.

Etter to veker i «Mexicos drapshovudstad» Acapulco kunne vi skryte på oss å ha overlevd både ein hotellbrann, ei naturkatastrofe og det faktum at vi tilbrakte to veker i ein av verdas farlegaste byar. Etter to veker fanga i ferieparadis kunne to forventingsfulle jenter sette seg på bussen til Mexico City med eit lite håp om at nå ordnar alt seg.

Som ein del kanskje har fått med seg så ordna det seg ikkje. Ikkje i det heile tatt faktisk! Etter mykje mailer fram og attende fekk vi i ordna eit møte med kontakten vår i Røde Kors. Etter nokre dagar med venting kom omsider dagen der vi fekk møte han og ein kollega over ein kopp kaffe på Starbucks. Vi fekk høyre korleis det meksikanske systemet fungerte (eller ikkje fungerte, for å vere heilt presis) og vi prøvde å gje dei meksikanske ambulansearbeidarane eit lite bilete av korleis ting fungerer i Noreg. Vi fekk også atter ein gong beskjed om at det framleis mangla ei siste stadfesting på at alt var ok, og at det kunne ta nokre dagar fordi denne sjefen som måtte fikse dette framleis var i Acapulco (hersens Acapulco!). Om ting mot formodning ikkje skulle ordne seg kunne han kanskje hjelpe oss inn i ein annan ambulansetjeneste…

Dagane går og mailar blir sendt. På eit tidspunkt sluttar vi å få svar på mailane, og to frustrerte jenter sit på eit hostellrom i Mexico City og er lei av å vente. Avreisedato nærmar seg med stormskritt, og ingen ambulansehospitering er i sikte. I desperasjonen spurde vi vår gode venn google om han hadde adresser til nokre ambulansestasjonar i nærleiken. Han hadde heldigvis adressa til fleire. To frustrerte jenter tek saka i eigne hender og byrjar jobben med å banke på dørene på relativt tilfeldige ambulansestasjonar. Vi skal heldigvis ikkje lengre enn til stasjon nummer to før vi får napp…

1385207_542553262494272_17849578_n

Å gjere seg forstått på spansk er ikkje veldig enkelt når ein i utgangspunktet ikkje snakkar spansk (Åshild sin portugisisk ble tolka som «fransk») og når ein i tillegg fortel at ein vil jobbe og faktisk gjer det gratis då må ting inn med teskei. Men det er ikkje kvar dag norske, blonde jenter går frå dør til dør i ein meksikansk storby og tigg om å få jobbe gratis. Det ordna seg til slutt, sånn det alltid gjer for snille jenter…
Selskapet vi får lov å hospitere hos er eit privat selskap med fleire forskjellige ambulansar frå kategorien båretaxi (utan utstyr) til intensivambulanse (med relativt avansert utstyr, men likevel utan viktig utstyr som til dømes hjartestartar).

IMAG6987
Fansy pustemaskin

Vi møter opp klokka 8 første dag. Vi kjem til nyvaska bil og får beskjed om at vi skal køyre ut og stå i beredskap. For meg som er van med fjell og fjordar på alle kantar er dette eit velkjend fenomen. Etter nokre timar i bilen, kalde og trøytte får vi omsider tur. Ei dame har hatt ein litt for hard takling på fotballbana og ramla og slått hofta si.
Når vi kjem fram har ein annan ambulanse på staden frakta pasienten ut av bana. Ho blir lagt på backboard (ei båre som ein brukar på pasientar der ein ønskjer å stabilisere kroppen etter ulukker der ein mistenkjer skade i nakke / rygg.) Dette er i utgangspunktet ein både tungvint og ukomfortabel måte å frakte folk på, så dette er ikkje noko ein gjer berre for gøy. Ho blir stroppa fast og køyrd inn i bilen. Når vi kjem i bilen legg ambulansepersonellet inn ein veneflon (eit plastrør i armen der ein kan gje medisinar rett i blodet). Dei koplar opp ei flaske med ein desiliter ringer (Ringer=saltvatn med elektrolytter). I ekte «load and go»-stil blir pasienten køyrd til sjukehus med smerter i hofta. Blålys og sirener er sjølvsagt på plass…

I Noreg hadde dette vore ein såkaldt hastetur der vi hadde køyrd pasienten til legevakt og røntgen i roleg og behageleg tempo.

Det er den einaste turen vi får den første dagen. Dag nummer to får vi først ein overflytting frå eit sjukehus til eit anna. Selvfølgeleg skjer også dette med blålys og sirener trass i at pasienten er ferdig behandla.

På tur nummer to denne dagen får vi beskjed om at ei dame har hjarteproblemar. Vi kjem fram til ein heim der ei dame med fleire born rundt seg sit og græt. Når vi kjem spring borna inn på rommet sitt, tydeleg uroa for mora. Dama ser ikkje ut til å ha noko smerter. Når vi får transportert henne ut i bilen sluttar ho å svare på tiltale. Mykje tyder på at det er ein psykiatrisk pasient. Vi leverer pasienten på ein lokal klinikk der dei er minst like opptatt av dei norska «paramedicane» som pasienten. (Legen hadde jo trass alt vore i Bergen ein gong og var storfan av norsk black metal!)

To trøytte norsk jenter er akuratt ferdige med dag nr. 2 med hospitering.

IMAG7075
Tilbake frå oppdraget venter «stasjonshundane» (eller «perro» som dei og blir kalla) tolmodig på kos.


Forsetjing følgjer…

10 thoughts on “I ein ambulanse i Mexico… (Del 1)

  1. Så spennende jobb du har 🙂 Flott innsats dere gjør. Bra du deler det opp 😉 jeg har konsentrasjonsvansker så var så vidt jeg klarte lese alt dette på en gang.. (litt skumlesing). Men jeg tar det i posjoner. Gleder meg til neste innlegg. Fine voffser. Har jo Golden selv 🙂

    • Tusen takk. Veit ikkje om eg skal skryte så mykje av innsatsen. Dette har vi gort av relativt «egoistiske» grunner. Vi reise ned for å lære mer, ikkje nødvendigvis for å hjelpe folk (for det er desverre svært begrensa kor mykje det går ann å hjelpe når ein ikkje snakker samme språk som dei ein jobber med).
      Kjekt at du kom deg gjennom hele innlegget (tar det som eit kompliment 😛 ). Neste blir nok minst like langt 😛
      Ja, dei var fine men skittne 😛 Glad det ikkje er så vanlig med dyr i det norske helsevesenet (sjølv om det ikkje hadde skada med fleire sjukeheimskattar ❤ )

  2. Tilbakeping: I ein ambulanse i Mexico… (Del 2) | Leik og morskap

  3. Tilbakeping: I ein ambulanse i Mexico… (Del 3) | Leik og morskap

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s