Perspektiv

Dagens soundtrack:

Då eg starta denne bloggen for halvanna år sidan var planen å skrive om alle dei fine tinga her i livet. Reise, leik og morro! Desverre inneholder livet svært lite leik og morro for tida, så da får vi vel skrive litt om dei kjipe tingene og då…

Ikkje for å skryte, men eg ser på meg sjølv som ein ganske sympatisk, godhjerta person. Eg har ein jobb der er møter folk som har det vondt, og eg har til tider ganske vondt sjølv. «Det er alltid nokon som har det verre» er det mange som trøyster med. «Ja, det er vel det…». Kva er poenget? Skal ein liksom finne trøyst i at andre har det verre enn ein sjølv?

Når eg ligger i fosterstilling i eit mørkt rom med øynene tildekka, drøymar om øyreproppar og har smerter eg ikkje ein gang unner min verste fiende, skal eg liksom trøyste meg med at «Det er alltid nokon som har det verre!»? Kva er det poenget med det?

10289802_308653275956011_7760122495374082844_n
Då denne dukka opp i nyhendestraumen min på facebook tenkte eg sånn ca:
«FU MOFO’s! Dere veit da for svarte ¤%&?@¤% ikkje kva dere snakker om! Dustedrittfolk!»

I dag har vært ein hard men produktiv dag. For å gjøre ein lang og ganske uinteressant historie litt kortere; Etter å ha gått av vakt stod eg «plutselig» heime på trappa, med parkeringsbot, sjukemelding og ein pose meg nytt «knask» frå apotektet i neven og innsåg at «livet mitt er tross alt ikkje så ille…20140508_134108
…eg er i det minste ikkje ein hund med 5 sting under poten og ein lampeskjerm rundt halsen!»

«Det er alltid nokon som har det verre» Hunder med lampeskjerm rundt hovudet til dømes!

Plutseleg forstod eg #Denfølelsen !

Har du ein dårlig dag i dag? Har du lampeskjerm rundt hodet og 5 sting i poten? Eller har du fått parkeringsbot kanskje? Kommentarfeltet er til for å brukes!

 

 

9 thoughts on “Perspektiv

  1. Noen ganger kan det føles som en fornærmelse å få den setningen, mens andre ganger setter det ens egne plager i perspektiv – det er ikke så dumt.

    Håper du har det bra nå og at du ser frem til morgendagen!

    Klem fra meg

    • For min del er det ikkje så veldig fornærmende (er det eit ord?) men det er vel det for alle som faktisk har det verre ein meg. Men nokon finner vel ein mager trøst i alt 🙂
      Eg har ein jobb der eg ser heile skalaen av folk som har det vondt (frå bagateller til det verste ein kan tenke seg) så perspektivet mitt er det heldigvis ingenting i veien med, men eg klarer ikkje å finne noko trøst i andre sin lidelse heller (heldigvis, egentlig).

      Tusen takk 🙂 God 17. mai til deg ❤

  2. Hehe… Kjenner meg veldig godt igjen! I forgårs fikk eg kommentaren «men på den andre siden Amalie, så er det jo andre som aldri har møtt foreldrene sine i hele sitt liv!» Eg trodde eg skulle sprekke av sinne, og det kom en fin skyllebøtte om at da kunne eg like gjerne være glad for at eg ikke er en slave i forrige århundre, eller at eg ikke er påkjørt og er lam, eller… Alt mulig annet fælt. Joda, eg sitter pris på livet mitt, men at folk har det verre er dessverre enkelte ganger ikke trøst nok 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s