«…so much faster than you could say disaster…»

DSC02165

Ein eller annan gong for veldig lenge siden slutta antennene mine å vokse. Du veit, dei antennene som forteller deg kva tid du skal være flau eller ikkje. Av og til hadde dei sikkert vært praktiske, men av og til er eg veldig glad for at dei er så korte som dei er.

29 kg + 36 kg = 65 kg. Å gå tur i skogen med 65 kg (fordelt på to individer med ulik oppfatning av kva som er spennende og ikkje) er ein ny opplevelse for meg. Dei første 200 meterne såg eg for meg at eg aldri kom til å nå fjelltoppen eg hadde som mål for turen, men etter hvert så løsna det. Litt etter litt blei alt betre og fjelltoppen virka plutselig ikkje så uoppnåeleg likevel.

Men, plutselig står den der!
wowwe

65 kilo med pubertal, gal hund synes dette er noko av det artigste de har sett på lenge og i løpet av brøkdelen av eit sekund ligger matmor langflat og vondbroten foran fire forvirra ungdommer og ein liten hårdott.

Hadde antennene mine hatt rett lengde hadde eg sikkert gravd meg eit hull i bakken, men istedenfor fikk eg hjelp til å komme meg opp og videre. Klok av skade så klamra eg meg fast til eit tre då vi møtte på hund nr. 2. Og istedenfor å nyte utsikten på toppen fant eg ei grein å binde dei smårabiate hundane i mens eg studerte skadene mine og tenkte over kor flaut dette egentlig hadde vært om eg var ein person som brydde meg om denslags.

Ironisk nok finner spotify ut at det er eit passende tidspunkt å spele «Sometimes you can’t make it on your own» av U2 idet eg skal til å begynne på heimvegen. Takk for den, men sjølvinnsikten er det faktisk ingenting i veien med!

Litt skrubbsår, litt brannsår og det heftigste blåmerket på fleire år! Det er lenge til eg går tur aleine i skogen med 65 kg hund igjen.

This slideshow requires JavaScript.

Til slutt litt musikk, som eg egentlig hadde tenkt å poste i forrige innlegg. Denne er til Olav Emil som er på lastebiltur (sjølv om lastebilturen snart er ferdig):

Det er hull i min kalender, og min trailer har full tank
Eg ser ikkje bak meg lenger. Lever nå, og tenker fram
Kom kom kom an baby. Kom kom kom an
Eg skal regna på deg og ditt støv og din
sand

Har du og blå bein? Våkner du og av at den eine foten kjem borti den andre når du søv om natta? Har du tryna i det siste?

Perspektiv

Dagens soundtrack:

Då eg starta denne bloggen for halvanna år sidan var planen å skrive om alle dei fine tinga her i livet. Reise, leik og morro! Desverre inneholder livet svært lite leik og morro for tida, så da får vi vel skrive litt om dei kjipe tingene og då…

Ikkje for å skryte, men eg ser på meg sjølv som ein ganske sympatisk, godhjerta person. Eg har ein jobb der er møter folk som har det vondt, og eg har til tider ganske vondt sjølv. «Det er alltid nokon som har det verre» er det mange som trøyster med. «Ja, det er vel det…». Kva er poenget? Skal ein liksom finne trøyst i at andre har det verre enn ein sjølv?

Når eg ligger i fosterstilling i eit mørkt rom med øynene tildekka, drøymar om øyreproppar og har smerter eg ikkje ein gang unner min verste fiende, skal eg liksom trøyste meg med at «Det er alltid nokon som har det verre!»? Kva er det poenget med det?

10289802_308653275956011_7760122495374082844_n
Då denne dukka opp i nyhendestraumen min på facebook tenkte eg sånn ca:
«FU MOFO’s! Dere veit da for svarte ¤%&?@¤% ikkje kva dere snakker om! Dustedrittfolk!»

I dag har vært ein hard men produktiv dag. For å gjøre ein lang og ganske uinteressant historie litt kortere; Etter å ha gått av vakt stod eg «plutselig» heime på trappa, med parkeringsbot, sjukemelding og ein pose meg nytt «knask» frå apotektet i neven og innsåg at «livet mitt er tross alt ikkje så ille…20140508_134108
…eg er i det minste ikkje ein hund med 5 sting under poten og ein lampeskjerm rundt halsen!»

«Det er alltid nokon som har det verre» Hunder med lampeskjerm rundt hovudet til dømes!

Plutseleg forstod eg #Denfølelsen !

Har du ein dårlig dag i dag? Har du lampeskjerm rundt hodet og 5 sting i poten? Eller har du fått parkeringsbot kanskje? Kommentarfeltet er til for å brukes!

 

 

Insomnia

Nattas moralpreken: Ikkje ring til folk som sover ved siden av andre folk, midt på natta!

Ny dag og nye muligheter. Eg våkner opp som eit nytt menneske med økt forståelse for folk med seperate soverom. I mitt neste liv skal finne meg ein mann som har ein jobb som ikkje krever lyd på telefonen om natta!

Ps. Eg har bare eit par avsnitt igjen før verdas lengste innlegg om Mexico kjem. Om sjebnen er på mi side så blir det i løpet av helga. Takk for tolmodigheten…

Polen-Ukraina

Video

I mitt neste liv skal eg bli filmskaper (og kanskje russer?!)

Her er hvertfall film frå grensa mellom Polen og Ukraina. Siden vi køyrer hjelpesending kjører vi forbi heile køen. Etter vi stoppa bilen tok det ca 5,5 timer før vi var ferdig på Ukrainsk side (og dette var vist ein bra dag).

Skru opp volumet og nyt ekte Øst-Europeisk bensinstasjonmusikk!

Vindmøller og schnappi…

Til tross for manglende (!) eksosanlegg klarte eg å sove meg gjennom mykje støy, verkstedsbesøk (i fleirtal) og mykje styr.

DSCF5024

Fin tur gjenom Danmark, med lav sol og skittne vinduer. Med unntak av diverse verkstedsbesøk har dagen bestått av autobahn, autobahn og atter autobahn (og eit par tissepauser). Dansk radio har lite å snakke om, og mobber fremdeles nordmenn for «smørkrisen» for eit år siden. Bare vent, patetiske dansker! Den dagen dere plutselig står uten smør kan dere bare ha det så godt! Get over it lizzom!

Tysk radio er minst like teit: «Call me maybe» og «Gangnam style»! Eg er sinna på Clas Ohlson (som solgte oss duppedingsen som ikkje virka, som skulle få musikk fra telefonen over på radioen). Ellers høres det ut som de snakke om Schnappi ca hele tiden… (Men siden eg ikkje kan si noko anna enn «Kulepenn», «Faen», «Eg bløyr som ein foss» og «Hei, Eg heiter Lina Kristine» på tysk er eg ikkje heilt sikker…

Dagens oppturer:
-Statoil med nesten gratis internett som faktisk virka.
-2 sesonger med akutten for 300 danske kr inkludert norsk undertekst (altså over 30 timer underholdning… Det trengs!)
-Toalettseter som går rundt seg selv for å vaske seg!
-Eg har lært kva alle knappene på bussjåførsetet er til. Med andre ord: Hurraaaa!
-GPS-stemme med nordnorsk dialekt.
-Vindmøller! MASSE vindmøller! Overalt!
-Tyske kassadamer som banner (Eg forstår faktisk kva dei seier)

Dagens nedturer:
-Tysk radio!
-Dansk radio!
-Blære på størrelse med eit lite glass vann!
-Dansk ketchup som smaker sennep!
-I Danmark er det billigere å kjøpe øl på bensinstasjonene enn melk og brus!
-Tysk spagetti: Kokt så lenge at man like gjerne kunne fått den intravenøst (men så slipper man i det minste å stresse med å tygge).