«…so much faster than you could say disaster…»

DSC02165

Ein eller annan gong for veldig lenge siden slutta antennene mine å vokse. Du veit, dei antennene som forteller deg kva tid du skal være flau eller ikkje. Av og til hadde dei sikkert vært praktiske, men av og til er eg veldig glad for at dei er så korte som dei er.

29 kg + 36 kg = 65 kg. Å gå tur i skogen med 65 kg (fordelt på to individer med ulik oppfatning av kva som er spennende og ikkje) er ein ny opplevelse for meg. Dei første 200 meterne såg eg for meg at eg aldri kom til å nå fjelltoppen eg hadde som mål for turen, men etter hvert så løsna det. Litt etter litt blei alt betre og fjelltoppen virka plutselig ikkje så uoppnåeleg likevel.

Men, plutselig står den der!
wowwe

65 kilo med pubertal, gal hund synes dette er noko av det artigste de har sett på lenge og i løpet av brøkdelen av eit sekund ligger matmor langflat og vondbroten foran fire forvirra ungdommer og ein liten hårdott.

Hadde antennene mine hatt rett lengde hadde eg sikkert gravd meg eit hull i bakken, men istedenfor fikk eg hjelp til å komme meg opp og videre. Klok av skade så klamra eg meg fast til eit tre då vi møtte på hund nr. 2. Og istedenfor å nyte utsikten på toppen fant eg ei grein å binde dei smårabiate hundane i mens eg studerte skadene mine og tenkte over kor flaut dette egentlig hadde vært om eg var ein person som brydde meg om denslags.

Ironisk nok finner spotify ut at det er eit passende tidspunkt å spele «Sometimes you can’t make it on your own» av U2 idet eg skal til å begynne på heimvegen. Takk for den, men sjølvinnsikten er det faktisk ingenting i veien med!

Litt skrubbsår, litt brannsår og det heftigste blåmerket på fleire år! Det er lenge til eg går tur aleine i skogen med 65 kg hund igjen.

This slideshow requires JavaScript.

Til slutt litt musikk, som eg egentlig hadde tenkt å poste i forrige innlegg. Denne er til Olav Emil som er på lastebiltur (sjølv om lastebilturen snart er ferdig):

Det er hull i min kalender, og min trailer har full tank
Eg ser ikkje bak meg lenger. Lever nå, og tenker fram
Kom kom kom an baby. Kom kom kom an
Eg skal regna på deg og ditt støv og din
sand

Har du og blå bein? Våkner du og av at den eine foten kjem borti den andre når du søv om natta? Har du tryna i det siste?

To skritt frem og eit tilbake…

I går var eg og verdas finaste men mest utolmodige hund på den første skogsturen på eit par månedar. Eit lite augeblink byrja eg nesten å lure på om ting går framover.

DSC00359DSC00377
DSC00383DSC00401

I dag derimot har eg atter ein gang konstantert at døgning er for tøffe 9.klassinger og raringar. Eg er ikkje ein tøff 9.klassing lengre (desverre… Og heldigvis!)

Takk Gud (eller kven enn som burde takkas) for koffeinpiller, kaffi, sminke, solbriller og folk med høg underholdningsverdi!

(Og ikkje takk for måkene som bæsja på meg! Eg synes faktisk ikkje eg fortjente det i dag! Men takk til Cecilie som vaska meg!)

DSC00476
DSC00484

No er det natt! Har du hatt ein bra dag?